7. kandidat Arnt Henning Blom

Arnt Henning Blom
Foto: Privat

Vår 7. kandidat Arnt Henning Blom, kjem frå Værlandet og er sjølvstendig næringsdrivande. Han finn du på Joker Værlandet, alltid blid og imøtekomande. Arnt Henning har vore kommunestyrerepresentant for Venstre i perioden 2015-19, og medlem av komité for plan, næring, miljø og teknikk. Hans viktigaste saker kan du lese om her.

  • Samferdsle
  • Fortsette det gode arbeidet med å oppgradere/asfaltere kommunale vegar
  • Få opp vedlikehaldstempoet på kommunale bygg og eigedommar
  • Få på plass gode ordningar for levering av maritimt boss
  • Meir tilrettelegging for lading av elbilar
  • Legge til rette for dei som driv med jordbruk og dyrehald. Jordbruket er viktig for lokal matproduksjon, levande bygder og bevaring av kulturlandskapet
  • Stå på for dei som ønskjer og bygge i kommunen vår, men slit med t.d. 100 meters grensa, blomster eller andre ting som fylke og stat handhevar med gode intensjonar
  • Sjølvsagt Atløysambandet og rassikring av FV 609