2. kandidat Linda Ness Rotihaug

Linda Ness Rotihaug
Foto: Synnøve Sorthe

Linda Ness Rotihaug er Askvoll Venstre sin andrekandidat. Ho jobbar som konsulent i kommunen og er hovudtillitsvald. Linda har vore fylkessekretær i Venstre sidan 2007 då ho vart engasjert i politikk. Rettferd og likebehandling av alle, både unge og eldre er noko som er viktig for Linda, og at Venstre alltid set mennesket i sentrum.

Nokre av mine hjartesaker:

Respekt, mot og openheit er verdiar som eg set høgt både privat og i arbeidslivet. Eg vil jobbe for ein attraktiv og levande kommune, med gode kommunale tenester til alle innbyggjarar uavhengig av kvar i kommunen ein bur; gode skular og barnehagar, god eldreomsorg og helsetenester.

Det er viktig med eit godt heilskapleg tilbod for alle innbyggjarar og gode arbeidstilhøve for dei tilsette.

Eit godt og trygt oppvekstmiljø for born og unge føreset gode barnehagar og skular, og varierte og gode kultur- og fritidstilbod.

Vi må legge til rette for at eldre som vil bu heime, får gjere det lengst mogleg, uavhengig av kvar dei bur i kommunen.

Vi må få fiber til alle i kommunen, Atløysambandet skal realiserast og rassikring av FV 609 snarast.