Ordførarkandidat Gunnar Osland

Foto: Privat

Gunnar Osland kjem frå Kvammen, og har vore varaordførar i Askvoll sidan 2015, og aktiv politikar sidan 1995. Han brenn for rettferd og likebehandling av alle, unge som eldre, nye arbeidsplassar og reint miljø. Gunnar er klar for å ta Askvoll vidare inn i framtida – som ein framtidsretta kommune som er i stand til å ta vare på både born, unge og eldre.

Viktige saker for meg:

Eg og Venstre er klar til å gjere Askvoll til ein endå betre kommune å bu i. Ein kommune som gjev omsorg og legehjelp når det trengs er ein god stad å vekse opp på, og å flytte attende til. Det same gjeld ein kommune som legg til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst. Primærnæringane jordbruk og fiskeri samt havbruk, må ha høve til omstilling og utvikling. Desse næringane utgjer bærebjelken i verdiskapinga vår.

For meg er det viktig å ha eit overordna blikk over alt, og alle behov i heile kommunen. For at vi skal gje alle dei tenestene til våre kjære innbyggjarar som dei forventar framover, må vi ha vekst og utvikling, og då er næringsutvikling viktig. Skal vi få til framleis vekst i folketalet må vi få på plass bru til Atløy, rassikring og utbetre parseller på FV 609 og ha målsetning om fiber eller tilsvarande breibandstilbod til ALLE.

Får vi på plass desse sakene, har vi lagt grunnlaget for å gje gode tilbod innan våre kjernesaker, som er helse og omsorg, skule og barnehage.