Program og visjonar for Kvam Venstre 2019-23

Barnehage, skole og utdanning
Barnehage, skole og utdanning, Venstre

Me bur i ein flott kommune med fine bygder og eit rikt utval av aktivitetar, butikkar , små og store bedrifter, flotte turområder og mange innbyggjarar med stor dugnadsånd. Ein kommune med ein fantastisk natur som det er viktig at me tek vare på frå fjord til fjell.

Me har eit heller beskjedent program, men me ser på det som viktig at me vedlikeheld det me har uten å ha dei store vyene for den neste perioden. Me ynskjer ikkje å lova og selja oss inn på store draumar , men prøver heller å vera nøkterne og realistiske, sjølv om me veit at det lønner seg lite i valkampen. Det viktige no er å få setta i gang prosjekt som er vedteke , men ikkje igangsett eller ferdige enno, slik som torget i Ålvik og gang og sykkelvegen frå pensjonisten til Vikedal.

Nokre store draumar har me allikevel som dei aller fleste. Hjå oss er det å få eit Statens Hus, slik som dei no skal få eit prøveprosjekt med i Eid.
Me ynskjer og å få på plass att ein kultursjef, då denne stillinga har stått ubemanna i fleire år etter at den forrige kultursjefen diverre gjekk bort.. Kvam har eit rikt kulturliv både innan kunst, kultur og idrett , og difor er det viktig at me får på plass ein person i kultursjefstillinga att.
Me ynskjer og ein lengst mogleg tunnel under Kvamskogen, då me ynskjer å byggja for framtida. Skal me få ungdomane til å busetta seg i Kvam etter endt utdanning, lyt me ha ein enklare og kortare veg til bergensområde der mangfaldet av arbeid er.

Innleiing
Kvam Venstre sin plattform er sosialliberal. Venstre ynskjer fridom for den einskilde samstundes som me tar ansvar for fellesskapen. I programmet vil me ha fokus på fire felt: Skule, miljø, arbeid og framtid.

I Kvam har me eit utal av bedrifter; store og små, dyktige grundarar, eit av landets største hyttefelt, fjord og fjell, fleire gode bygder, regionssenter og saman kan me skapa ei oppsiktsvekkjande framtid for alle.

Venstre er eit lite parti i Kvam, men er likevel viktig for å bidra til at det vert fatta gode miljøval no og for framtida. Dei neste åra vil verta krevjande då Kvam herad er blant kommunane med mest gjeld i Hordaland. Venstre vil i perioden føra ein ansvarleg økonomisk politikk.

Skule og oppvekst
Born lærer meir når dei har det bra. Ein god skule er ein skule der borna trivest. Alle barn fortener lærarar som gjev dei moglegheit til å skapa si eiga framtid.

Venstre vil:

• la læraren bruke meir tid på borna og mindre på byråkrati
• styrkja lærarane med meir vidareutdanning
• at born som fell utanfor skal få tidleg hjelp
• gje gratis barnehage og SFO til dei familiane som treng det

Lokalt vil Kvam Venstre jobba for

• ein framtidsretta, attraktiv og relevant Kvam vidaregåande skule
• like god bemanning i fyrste klasse som i barnehagen; slik intensjonen var då seksåringane kom inn i skulen (reform -97)
• å sikra trygge skulevegar
• leksehjelp for barn og ungdom

Miljø og klima
Ta vare på naturen. Me bur i eit land med fantastisk natur som har lagt grunnlaget for velferda vår. Men naturen er sårbar, difor er det viktig at me tar vare på miljøet.

Venstre vil:

• jobba for eit reint hav, fritt for plast og søppel
• halde Lofoten, Vesterålen, Senja og Mørefeltet oljefritt for all framtid
• ha fleire miljøvenlege bilar, og billigare buss og bane

Lokalt vil Kvam Venstre jobba for at

• energi- og klimaplan for Kvam vert oppdatert
• naturlege vassvegar vert halde opne slik at me opprettheld det naturlege biosystemet
• miljøomsyn vert vekta høgt som konkurransekriterie ved anbodskonkurransar frå kommunen
• bærekraftige prinsipp ligg til grunn for utvikling av oppdrettsnæringa
• det vert betre kollektivtilbod internt i kommunen
• at nye kommunale bygg vert lågutslepphus

Arbeids- og velferdssamfunnet
Fleire nye jobbar. Det må bli lettare å skape arbeidsplassar der du bur. Venstre støttar gründerar og småbedrifter. Dei som vågar å satse skal ha like rettar som
andre arbeidstakarar.

Venstre vil:

• gje sjølvstendig næringsdrivande lik rett til sjukepengar og pensjon
• fjerne arbeidsgivaravgifta for nye bedrifter
• ta bort unødige reglar og skjema for småbedrifter

Lokalt vil Kvam Venstre jobba for at

• Kvamskogen vert vidareutvikla som hytte-, rekreasjons- og næringsområde
• Kvam herad er restriktiv til omdisponering av jordbruksareal
• det lokale næringslivet kan utvikla seg ved å sikre tilstrekkeleg med næringsareal og industriområde
• det vert oppretta fleire lærlingplassar
• det vert lettare for innvandrarar å kombinera ordinært arbeid og deltaking i introduksjonsprogrammet (språkopplæring)

På lag med framtida
Venstre er Noregs sosialliberale parti. Me vil at borna og barneborna våre skal ha minst like gode og trygge liv som me har i dag. Venstre er på lag med framtida.

Lokalt vil Kvam Venstre jobba for

• å få på plass att kultursjef i Kvam herad
• statlege midlar til utbetring av Fv7
• å få eit “Statens hus” i Hardanger
• å fremma forslag om at det vert utarbeida ein plan for byggeskikk for Kvam herad for å sikre ei heilskapleg utvikling av sentrumsområda i bygdene våre
• sikre at statlege rassikringsmidlar vert nytta i Tokagjelet. Tunnel under Kvamskogen minst til Eikedalen som del av ny stamveg E134 (Haukeli)
• ferdigstilla gang- og sykkelveg i Ålvik, frå Vikedal til pensjonisten. Fylgja opp tettstadplanen for Ålvik (utvikla Torget)
• å bidra til at private initiativ for utvikling av lokalsamfunnet vert møtt med positiv haldning
• dagsenter/aktivitetssenter for menn
• tilpassa bustader for yngre hjelpetrengande menneske