Brev til førstegongsveljarane i Askvoll

Listekandidatar Askvoll Venstre
Foto: Malvin Grepstad

For Askvoll Venstre er innbyggjarane våre dei beste ekspertane når det gjeld utforminga av kommunen vår. Venstre har ei grunnleggjande tru på lokaldemokratiet. Vårt viktigaste ansvar som kommunepolitikarar er, etter vårt syn, å gje det beste tilbodet vi kan innanfor kommunal tenesteyting, det vere seg barn, unge, vaksne og eldre. Dette er det som skapar ein god kommune både å bu i, og å flytte attende til.

Askvoll treng eit sterkt Venstre for å halde fram den positive utviklinga, og med di stemme skal vi gjera vårt beste.

Vi skal ha eit brukartilpassa tenestetilbod, det vere seg når det gjeld barnehage, skule, helse og eldreomsorg. Hjelp og omsorg når ein treng det er det vesentlege for oss, uansett kor ein bur i kommunen.

Saker som vi har eit spesielt fokus på er tenestetilbodet vårt, Ambulansetenesta, samferdsle til dømes Atløysambandet og sikring av fv 609, og det faktum at kommunen er den største arbeidsgjevaren. I det ligg det eit stort ansvar for kompetanseheving og utvikling for dei vi har arbeidsgjevaransvar for.

Vi vil utvikle dialogen med dei tilsette og saman levere enno betre resultat i kommunen både fagleg og økonomisk.

Vi skal halde fram med å sikre oss økonomisk handlingsrom som set oss i stand til å gjera Askvoll til ein endå betre stad å leve livet sitt.

 

…..altså du kan hjelpe oss med dette. Røyst Venstre den 9. september 🙂

 

Vestland Venstre:

Eg er Vestland Venstre sin fylkesordførarkandidat.

Eg heiter Gunhild Berge Stang, er Askvolling som no har busett meg i Dale i Sunnfjord. Eg er ein av to fylkesordførarkandidatar som kjem frå Sogn og Fjordane. I det nye fylkestinget er oppvekst og vidaregåande skule Venstre si viktigaste satsing med mellom anna følgjande:

  • Skape inkluderande skulemiljø som kan førebyggje mobbing og fråfall
  • Gje undervisning i livsmeistring
  • Styrke skulehelsetenesta
  • Utvide kommunal helsesjukepleieteneste
  • Ha skulefrukost på alle vidaregåande skular

Å fullføre vidaregåande skule, eller få lærlingplass, er etter Venstre sitt syn den beste garantien ungdom kan få for eit trygt og godt yrkesliv.

Gunhild brenn ekstra for verdiskaping og grøn industri.

Vi vil prioritera meir midlar til både uorganiserte møteplassar og organisert aktivitet. Vil vil såleis styrke det frivillige arbeidet og saman arbeide for eit vestlandsk kulturløft.

Agnes Hoshovde Bernes

 

Ungdomskandidaten vår heiter Agnes Hushovde Bernes. Ho står på 3. plass på fylkestingslista. Vi håpar at Agnes kjem inn på fylkestinget for spesielt å tale ungdommen si sak, men då treng vi stemmer på Venstre.

Venstre vil at ungdom skal bli gitt tillit og sjansar til utfolda evnene sine. Kvar stemme ved dette valet er eit viktig bidrag til å ta vare på demokratiet vårt. Vi vonar du vil bruke stemmeretten din og tykkjer sjølvsagt at det er ekstra stas om du stemmer på Venstre.