Utfordrar statsråd Nybø på statlege arbeidsplassar til Volda

Volda Venstre

“For Venstre er det ei prioritert sak å flytte statlege arbeidsplassar frå Oslo til distrikta. Dette er også nedfelt i Granvolden-avtalen som regjeringspartia har inngått.”

Ordførarkandidat Hallvard Bjørneset er klar på at han og Volda Venstre ynskjer å fokusere på å få nye statlege arbeidsplassar til Volda og regionen når forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar Volda tysdag 20. august i høve opninga av haustsemesteret ved Høgskulen. Det er sett av tid til eit møte mellom statsråd Nybø og lokale Venstre-toppar på Ivar Aasen-senteret.

“Eg meiner Volda vil vere ein perfekt plass for å ta i mot nye statlege arbeidsplassar. Vi har eit godt og rikt høgskule- og forskingsmiljø. Og planlegginga av den nye Kunnskapsparken knytta til Høgskulen er komen langt. I tillegg har vi eit velfungerande sjukehusmiljø i bygda”, seier Bjørneset.

“Nye statlege arbeidsplassar til Volda vil styrke Søre Sunnmøre som region, samstundes som presset på hovudstaden vår vert redusert”, hevdar Bjørneset som gjerne kunne tenkt seg til dømes delar av Utdanningsdirektoratet etablert i Volda.

Bjørneset viser til opprettinga av Lotteritilsynet – seinare Lotteri- og stiftelsestilsynet – i Førde. Dette vart ein suksess trass i mange åtvaringar. Og etter eit regjeringsvedtak, vart Fredskorpset i fjor vinter flytta frå Oslo til Førde med nærare 40 årsverk.

“Eg er viss på at dette er fornuftig og positiv distriktsutbygging. Og det er viktig at også mindre regionsentra som Volda vert vurderte på lik linje med dei store byane når neste utflyttingsvedtak skal fattast,” seier Bjørneset som ser fram til eit givande og konstruktivt møte med statsråden og partifeller på Aasen-tunet.

 

(Hallvard Bjørneset i møte med statsråd Iselin Nybø då ho sist vitja Volda og Høgskulen i april)