Valprogram 2019-2023

Valle Venstre

Venstre er eit sosialliberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i at det enkelte mennesket skal kunne bruke sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet. Samstundes har alle ansvar for kvarandre, og det betyr at den personlege fridomen til den enkelte ikkje skal påverke velferda og livskvaliteten til andre negativt.

Vi er spesielt opptekne av miljø, velferd, skulekultur og næringsliv. Kvalitet i Valle kommune, og særleg i skulen, er ein spesiell hjartesak for oss

Valle Venstre vil fokusere på kvalitet og innhald i det som skjer i Valle kommune, og vi vil jobbe spesielt med desse sakene:

Skule og utdanning

Valle kommune er skuleeigar. Både politikarar og administrasjonen i kommunen har ansvar for at kvaliteten i skulen er god. Som skuleeigar må me som politikarar vere aktive når det gjeld å sikre eit godt samarbeid mellom skulen, foreldre og kommunen for å sikre eit godt læringsmiljø. Vi vil og at kvaliteten i skulen skal vere synleg og tiltrekkjande for potensielt nye innbyggjarar i kommunen.

Vi vil difor etablere regelmessige dialogmøte mellom kommune, skule og heim, slik at både foreldre, politikarar og administrasjon blir godt kjende med korleis skulen arbeider. Slik kan vi jobbe saman for å utvikle skulen med utgangspunkt i felles kunnskap og mål. I slike dialogmøte må ordførar, varaordførar, rådmann, rektor, leiar i Levekårsutvalet, leiar for FAU og ein tillitsvald ved skulen delta, og det bør vere to møte i året.
I etterkant av skulesamanslåinga vil vi arbeide for at skulskyssen vert trygg, både fysisk og sosialt.

For skule og barnehage er det viktig å fylgje opp krav til klassestorleik og bemanningsnorm. Vi vil prøve å prioritere, særleg i barnehagane, å bemanne meir enn det nødvendige minimum. Vi ynskjer at barna tidleg får eit best mogleg grunnlag for vidare utvikling og god livskvalitet. Gode tilbod i barnehage og skule er viktig, om me vil at kommunen skal utviklast og vekse. Vi har mange ungdomar som går på skule her i kommunen. Det er viktig å oppretthalde og styrke Valle vgs og Setesdal folkehøgskule som gode og attraktive skular.

Vi meiner det er svært viktig å leggje godt til rette for desse ungdomane, også når det gjeld fritidstilbod.

Næringsliv og jordbruk

Det er viktig at Valle kommune opprettheld og utviklar jordbruket, samstundes med at dei tenesteytande næringane får gode vilkår.
Valle kommune må ha ein tydeleg satsing på næringslivet. Ein må leggje godt til rette for nyetableringar, særleg med tanke på produksjon av lokale varar. Ein må samstundes prioritere kva slags nyetableringar som skal støttast, ut i frå kva som er i samsvar med planar og visjonar som kommunen har vedteke.

Me vil jobbe for eit utbreidd samarbeid mellom Setesdalskommunane, serleg når det gjeld satsing på nisjeprodukt, slik at Setesdal blir ein merkevare for heile dalen.

Det er eit mål for Valle Venstre at det lokale næringslivet skal tene på produkta i alle ledd, frå produksjon til foredling. Setesdal har mange ressursar som kan nyttast endå betre innanfor jord, skog, kraft, mat, kultur og natur. Valle Venstre ynskjer til dømes å vere med på å stimulere til utvikling av eit Setesdalsslakteri, slik at den lokale produksjonen av kjøt óg dermed verkelig vert kortreist mat.

Valle kommune må aktivt stimulere grøne løysingar i næringslivet.

Valle Venstre meiner det er viktig å utvikle turisme i heile dalen, men at dette må skje på ein måte som ikkje øydelegg naturen og miljøet. All satsing på turisme må ha dette som bakteppe i arbeidet. I dette arbeidet må kommunen vere aktiv, slik at vi sikrar at dette faktisk skjer.

Miljø

FN sine bærekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Å nå desse måla vil krevje endring, både i haldningar og handling, internt i kommunane som verksemd, politisk og i samfunnet. Valle kommune må vere med å bidrage til dette.

Det er viktig at Valle kommune både i drift og investeringar er bevisst både når det gjeld å ta vare på miljøet og å bidrage til ei meir rettferdig verd.
Valle kommune må snarast utarbeide ein eigen kommunedelplan for miljø og klima. I denne planen meiner vi at mellom anna desse sakane må nedfellast:

Valle kommune må bli ein plastfri kommune

Alle nye innkjøp til kommunen skal gjerast med tanke på miljøet og rettferdig handel
Kommunen skal vere ein pådrivar for å fremje klimavenlege val gjennom rettleiing og god informasjonsteneste ut mot innbyggjarane
Valle Venstre har som mål å gjere det enkelt, trafikksikkert og attraktivt å sykle/gå mellom heim og skule/arbeid/fritidsaktivitetar. Det er difor viktig å få på plass fleire sykkelvegar og forlengje eksisterande traséar for dette.

Vi har ein visjon om sykkelveg langs heile riksveg 9 i Setesdal. Det har både med tilrettelegging for miljøvenlege aktivitetar og med trafikktryggleik å gjere.

Sentrums- og bygdeutvikling

Valle og Hylestad sentrum må vere samlingsstad for både fastbuande og turistar. Det er viktig å få gjennomført sentrumsplanar som tek omsyn til båe desse gruppene

Vi må bli meir medvitne om og utvikle estetiske mål for bygda vår, serleg langs riksveg 9
Ein må arbeidet for å rydde gamle stigar og vegar nær busettingar og kulturområder. Dette for ferdsel for folk utan bilar eller skuter. Dette arbeidet, som i nokon grad er i gong, må støttast vidare.

I heile kommunen bør elva verte meir tilgjengeleg for folk. Vi ser til dømes for oss ein tursti frå Halland til Valle sentrum.
Det må jobbast aktivt mot sentrale styresmaktar for å løyse krypsivproblematikken i Otravassdraget

Helse og omsorg

Det skal vere godt å leve i Valle kommune. Når ein tenkjer helse og omsorg, må ein tenkje på heile livslaupet, frå barn til eldre, og korleis ein best kan sikre god livskvalitet.

Førebygging av helseplager kan ein gjere ved til dømes å leggje til rette for fysisk aktivitet når kommunen planlegg infrastruktur, men det er òg særs viktig å fremje folkehelsearbeid gjennom skule og frivillig innsats. Både fysisk aktivitet og kosthald er sentrale faktorar her, og eit godt samarbeid mellom kommune, foreldre og skule vil vere svært bra for å få til effektive tiltak.

Valle Venstre meiner at bebuarar på Valle Bygdeheim skal ha ein innhaldsrik kvardag på lik linje med andre i bygda. Vi meiner at det må setjast inn ennå fleire tiltak for å aktivisere bebuarane, og at politikarane må vere aktive som institusjonsegarar når det gjeld dette. Valle Venstre meiner at kommunen må arbeide vidare for å styrke helsesektoren ved å finne gode løysingar saman med dei andre kommunane i dalen.

Vi håper at du vil vere med på å få gjennomført det vi brenn for!