Kjære førstegongsveljar

Foto av Gunhild Berge Stang og Trude Risnes
Gunhild Berge Stang (t.v.) og Trude Risnes., Foto: Are Kvistad

Den 9. september er valdagen for kommune- og fylkestingsvalet. Sogndal Venstre gratulerer deg med stemmeretten! Men stemma di blir først noko verdt, når du brukar ho! Då først er du med å påverke utviklinga i kommunen og fylket dei komande fire åra.

Av Trude Risnes, ordførarkandidat i Sogndal Venstre, og Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat i Vestland Venstre (innlegget var først publisert i Sogn Avis 19. august)

Venstre i Sogndal og Vestland oppmodar deg om å gjere val for framtida. For oss betyr det å utvikle ein berekraftig og attraktiv kommune og region, og ei framtid for deg!

Venstre prioriterer oppvekst og utdanningstilbod, grøne næringar og arbeidsplassar, og vi tek klima- og miljøkampen på alvor.

Difor vil Venstre

  • ha gode lærarar og andre fagressursar som har tid og rom til å sjå alle
  • styrke ordningane med sosiallærar og mobbeombod, skulehelseteneste og rådgjevarteneste
  • ha ein desentralisert skulestruktur og mangfald i skuletilbodet
  • at leige i hallar og kulturlokale skal vere rimeleg, det vil særleg hjelpe dei smalare aktivitetane
  • ha fleire lærlingplassar og styrke samarbeidet mellom skule og næringsliv
  • bidra til nye løysingar som gjev elevar og studentar rimeleg skule- og kantinemat
  • halde fram med parkeringsavgift i sentrum, for å utvikle meir grøntområde, sykkel-vegar og garasjar
  • vidareutvikle regionsenteret Sogndal og legge til rette for friluftsliv i fjella og langs fjorden
  • stimulere lokale initiativ og grøn næringsutvikling – naturen er vår viktigaste ressurs!
  • utvide ungdoms- og studentkorta, og gje by-sykkeltilbod i tettstadene våre

Fordi Venstre er på lag med framtida. Lukka til med dine val, bruk stemmeretten din, gjer eit val for framtida!

Godt val!