Brynhild Lund Notøy: “Landbruk og klimautfordringar”

VV

Det norske landbruket er viktig for å sikre matproduksjon og busetnad i heile landet. Volda vert etter samanslåinga ein viktig landbrukskommune.

Den siste rapporten frå FN sitt klimapanel viser at vi har eit stort ansvar for å få til eit miljøvenleg og berekraftig landbruk. Rapporten viser og at vi ikkje kan halde fram å ete så mykje raudt kjøt som vi gjer no. Bonden har alltid vore flink til å omstille seg. Omstilling krev tid, og vi må i fellesskap starte denne omstillinga no.

For Venstre er det viktig å legge tilhøva til rette for at landbruket skal drivast så klimavenleg som mogeleg. Når ny klimaplan for kommunen skal skal utarbeidast, må vi sjå på kva kommunen kan hjelpe til med for å få det til. Det kan vere økonomisk hjelp og ikkje minst rettleiing.Landbruksetaten i kommunen må vere ein god rettleiar for bøndene på dette området.

I næringssamanheng må vi saman med bøndene sine organisasjonar jobbe fram gode ordningar for kortreist mat og nisjeproduksjon. Venstre meiner og at minst 15% av norsk matproduksjon skal vere økologisk. Ut frå den geografi og det klima vi har i kommunen vår, vil vi i framtida ha dyrehald, men mogelegheitene for dyrking av meir frukt og grønt er til stades, og det må utnyttast.

Vi har mange bønder som har satsa på robotteknologi. Det gjev auka produksjon, betre dyrevelferd og ein betre kvardag for bonden. Gjødsel frå dyra kan nyttast til produksjon av biogass før det vert brukt som gjødsel. Venstre vil legge til rette for at dette kan verte ein realitet. Og for dei bøndene som har dyrehald, er det svært viktig å oppretthalde ei god veterinærteneste.

I Venstre er vi opptekne av å verne om kulturlandskapet. Vi meiner det kan vere lurt å sjå på om den sveitsiske modellen kan passe for norske forhold. I Sveits har dei funne ein fin balanse mellom konvensjonelt landbruk og skjøtsel av kulturlandskapet.

Skal vi ruste landbruket for framtida, må vi legge til rette så dei unge får lyst til å ta over gardane. Dette må gjerast frå ung alder. 4H, bondeorganisasjonane og andre frivillige organisasjonar saman med det offentlege må gje dei unge kunnskap om norsk mat og matproduksjon Det er viktig å vise dei unge kva mogelegheiter som finst.

Venstre har vist i landbruksforhandlingane at vi ynskjer mangfald i landbruket, og at landbruket skal vere liv laga over heile landet. Volda Venstre vil vidareføre dette i kommunen vår. Det er med å skape aktive bygder der det er godt å bu.

Brynhild Lund Notøy – 2. kandidat Volda Venstre