Giske Venstres program 2019

 

Med Giske inn i framtida.

Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

Giske kommune er ei kommune i vekst og vi nærmar oss 8500 innbyggjerar.

Nye store næringsetableringar er på gong. Dette gjer at vi kan få fleire arbeidsplassar og kommuna blir endå meir attraktiv å busette seg i. Det kan by på utfordringar både innan skule og helse og vi vil gjere vårt for at desse tinga skal vere gode nok for innbyggjerane våre.

Giske Venstre sine kandidater er no klare for å gjere Giske til ei endå betre kommune å bu i. Ei kommune som gir omsorg når du treng det, som er ein god stad å vekse opp i, og legg til rette for nyskapning, nye arbeidsplassar og tar vare på miljøet vårt, både til lands og til havs.

 

Trivsel og inkludering i skulen.

Born lærer meir når dei har det bra. Venstre er opptatt av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø.

 

Vi vil:

  • Behalde skulestrukturen slik den er i dag, med fortsatt to ungdomsskular i kommuna.
  • Ruste opp Vigra barneskule.
  • La lærerane få bruke meir tid på borna og mindre tid på byråkrati.
  • At born som fell utafor skal få hjelp tidleg, ved å styrke PPT og prioritere tidleg kartelegging og innsats for born med behov.
  • Styrke satsinga innanfor psykisk helsevern for born og unge.
  • Styrke barnevernet og helsestasjonen.

 

 

Helse og omsorg

Helse og omsorgtjenestane i Giske kommune skal være av god kvalitet og kapasiteten skal være tilstrekkeleg. Vi vil jobbe for at det skal være nok omsorgsboligar og sjukeheimsplassar til alle.

 

Vi vil:

  • Sikre alle eit godt tilbod.
  • Styrke satsinga på heimebasert omsorg og brukertilpassa tjenester.
  • Oppretthalde Godøy Bukollektiv.
  • Bruke “Innovativ tenkning” for nyskapande måtar å drive omsorg på.
  • Styrke samarbeidet med frivillege organisasjonar, pårørande og Frivillighetssentralen.

 

 

Miljø

Giske kommune er kjend for sitt vakre kystkulturlandskap. Overalt finn vi ynda turmål som må ivaretakast også for kommande generasjonar.

Utbyggingar må planleggast godt og i samsvar med både landskap, friområder og miljøet.

 

Vi vil:

  • Arbeide for betre kollektivløysing innad i kommuna.
  • Videreutvikle gangveg frå Skjongholmen til Giske.
  • Vidareutvikle turstiar og tilgang til friområder.
  • Betre renovasjonsordningar og sanitæranlegg ved badeplassane våre.
  • Følgje opp den etablerte busetjingsplanen.

 

 

Verdiskapning

Dei to største primærnæringane i Giske er fiskeri og landbruk. Det er viktig ar det arealmessig blir lagt til rette slik at desse næringane kan drive med forutsigbarheit Vi ønskjer å støtte eit levande kulturliv i Giske, både det

historiske og det framtidsretta.

Kulturlivet skaper tilhøyrigheit, stoltheit og identitet i samfunnet vårt.

 

Vi vil:

  • Styrke det marine vernet.
  • Ha tett dialog med bondelaget og fiskarlaget.
  • Prioritere fiskerinæringa si utvikling i havnene våre.
  • Sikre god utvikling av landbruket og jordbruksareal.
  • Fortsatt gratis leige av lokaler for kulturaktivitetar for born under 18 år.