Sjølvmelding: Gunhild Moe

Gunhild er Suldal Venstres andrekandidat.

Sjølvmelding

Gunhild Moe, 38 år, bur i Mokleiv i Øvre Suldal og er hotelldrivar og kunstnar/kurator. Eg stiller til val for venstre fordi eg syns at Suldal er ein fantastisk stad å bu og eg ynskjer å arbeida for at fleire skal ha eit godt liv i Suldal. Eg er opptatt av rassikring, at alle i Suldal må få fiber, at det skal være gode barnehagar, skular og helsetjenester i nærleik til der folk bur. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å bidra til at Suldal skal være ein frimodig og ambisøs kommune i forhold til næring, kultur, skule og miljø.

Godt val!