Kommunesamanslåing no er ikkje aktuelt

Volda Venstre

I valkampen har eg fått fleire spørsmål om ikkje det er tid for å slå seg saman med fleire kommunar i regionen vår. Prosessen fram til at Volda kommune og Hornindal kommune slår seg saman ved årsskiftet, er svært tidkrevjande, og dei tilsette treng tid til å fordøye det som vert bestemt.

Administrasjonane skal drifte eksisterande kommunar samstundes som dei skal drive samanslåingsprosessen. Før det nye organisasjonskartet er på plass, vil eg tru det er mange som lurer på korleis deira stilling vert i den nye kommunen. Det er viktig for leiarane å handtere dette på ein slik måte at det ikkje går ut over tenesteproduksjonen.

Alle skjønar dette er krevjande. No har vi hausten på oss til å sluttføre arbeidet. Då startar prosessen med å setje i verk det organisasjonsplanen legg opp til. Sjølv om dei tilsette har vore involvert under vegs, vil eg tru det tek tid før alt går seg til.

For Venstre er det viktig at dei tilsette får ro i gjennomføringsfasen. Det vil difor vere uklokt å byrje tenkje kommunesamanslåing denne kommunestyreperioden. Venstre vil arbeide for at vi skal ha eit godt forhold til nabokommunane våre. Det er viktig å samhandle der det er føremålstenleg både for kommuneorganisasjonane og brukarane.

Venstre vil avvente vidare vidare kommunesamanslåing til ein ser at organisasjonen i nye Volda kommune er moden for det.

Brynhild Lund Notøy – 2. kandidat Volda Venstre