Hallvard Bjørneset: “Bygg ny ungdomsskule med ambisjonar!”

Volda Venstre

Vi er alle utolmodige etter å kome i gang med å bygge ein ny ungdomsskule og symjehall i Volda. Og la det vere heilt klart: For Venstre er det desse to store byggeprosjekta som står først i køen, og som skal stå ferdig så raskt som råd! Lovpålagde oppgåver må kome først.

Lengre nede på lista står eit nytt kulturhus som vi sårt treng. Men skal vi realisere dei planane som ligg føre i dag med utbygging kring det gamle samfunnshuset, vil det truleg bli dyrt både å bygge og drifte. Dersom vi går vidare på dette prosjektet, risikerer vi å måtte gjere store kutt i andre viktige tenester, og det kan ikkje Venstre vere med på.

Vi håper såleis at fleire enn Venstre vil innsjå at dersom vi ein dag skal få eit nytt kulturhus i bygda, så må vi tenke annleis: Det er difor vi vil droppe planane om å bygge kulturhus på den tronge tomta ved det gamle samfunnshuset. Vi bør i staden bygge kulturhus saman med den nye ungdomsskulen! Vi må legge same tankegangen til grunn som for Volda Campus Sparebank1 Arena: Aktivitet frå morgon til kveld; skulane på dagtid og idrettslag på kveldstid. Dette blir yttarlegare forsterka når vi bygger eit symjeanlegg ved VCA.

Ein ordinær ungdomsskule pleier å stå tom etter kveldstid, og eit kulturhus har også problem med å fylle huset med aktivitet på dagtid. Bygger vi desse bygga saman, vil vi gjennom sambruk få synergiar ved at t.d. kantine for elevane på dagtid kan brukast i tilknyting til kulturaktivitetar om kvelden. Sambruk gjer at vi kan spare millionar i investeringar og i drift.

Her kan vi få ein ungdomsskule som i tillegg til “ordinære” klasserom og spesialrom kan gje elevane tilgang til kinosal, kultursal (til erstatning for aulaen), eit moderne folkebibliotek, kantine og andre fellesareal som kan brukast i undervininga slik at summen av det heile vil bli svært bra for både elevar og lærarar. Med denne samlokaliseringa vil det vere nærleik for barn og unge mellom ulike fritidsaktivitetar, til dømes kinoen, kulturskulen, VCA, symjeanlegg og stadion. Dessutan blir det nærleik til store parkeringsplassar, Spinneriet og resten av sentrum.

Kulturhusdelen skal vere eit byggesteg 2 når den nye ungdomsskulen står ferdig, og dette bør innarbeidast i planane. Venstre vil at dei som skal vere elevar på den nye skulen skal kunne sjå tilbake på ungdomsstida si og tenkje: Her var det flott å vekse opp! Så er det opp til veljarane å avgjere kva dei ønskjer – eit ordninært skulebygg eller Volda Venstre sin ide.

Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat for Volda Venstre