Venstre vil gjera grøne val for framtida!

Humle
Det største trugsmålet mot biologisk mangfald er den kraftige nedbygginga av natur. Det er ikkje slik at vi har uendeleg mykje natur å ta av, heller ikkje i Sogn, skriv Trude Risnes og Maria Knagenhjelm. , Foto: Pexels

Skogen veks oppover fjellsidene, breane smeltar og insekta blir færre. Klimaet blir villare og våtare, vinteren meir ustabil og somrane likeså. Rekk opp ei hand dei som ikkje er uroa over framtida til kloden vår! Sogndal Venstre vil at kortsiktige økonomisk omsyn skal vika for langsiktige miljøomsyn og ei rettvis, berekraftig samfunnsutvikling basert på fridom, framtid og fellesskap.

Av Trude Risnes, ordførarkandidat og Maria Knagenhjelm, 7. kandidat for Sogndal Venstre (innlegget sto først på trykk i Sogn Avis)

Foto av blåmeis Kva kan vesle «eg» gjere? Når mange stiller seg det same spørsmålet, er det håp! For ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. Skal ein bli plukke opp det boset som ligg der i vegkanten? Dyrke litt squash i pallekarmen i hagen? Ete meir kortreist mat? Sei i frå når folk står med bilen på tomgang?

Sogndal Venstre seier ja til alle små ting. Still politikarane miljøspørsmål i valkampen. Engasjer deg. Sei ja til el-bygdesykkeltilbod i Sogndal. Last ned app’en Too Good To Go, det er fleire i Sogndal som tilbyr billig og god mat der. På Facebook kan ein bli med i REKO-ringen, der supre lokale produsenter tilbyr egg, grønnsaker og frukt og bær, grise- og lammeprodukt, te og honning. Slik støtter ein også lokal og naturvennleg næring.

Har du prøvd å være nær-turist? Ta ei helg på hotell i Balestrand eller Fjærland, sov i telt på Amlasanden camping, prøv fiskelukka på Fjærlandssete, eller kva med hyttetur til Grøssete med familie og venner? Slik ser ein Sogn på ei litt ny måte og får ei super feriekjensle utan å reise så langt.

Små grep må sjølvsagt følgjast opp med større grep. Der har kommunen ei sentral rolle. God arealforvalting er ein nøkkelen til ein miljøvennleg kommune. Visste du at det største trugsmålet mot biologisk mangfald er den kraftige nedbygginga av natur? Det er ikkje slik at vi har uendeleg mykje natur å ta av, heller ikkje i Sogn. Sogndal Venstre vil ha ein berekraftig arealbruk. Vi vil heller nytte allereie «oppbrukte» areal til nye prosjekt enn å nytte grøne lunger og natur til utbygging. Gode døme på gjenbruk av areal er planlagde Lerum brygge i Sogndal og Saften på Leikanger. Tenk kor flott Billagstomta i Sogndal kan utnyttast til både bustadar, aktivitet og sosiale møtepunkt.

Sogndal Venstre vil jobbe for at kommunen blir arealnøytral på sikt, og at kommunen skal ha ambisiøse klimamål. For å få til dette må kommunen laga ein klima- og miljøplan som skapar føringar for hele kommuneplanen, også arealdelen.

Og når Venstre vil legge til rette for sykkel- og turstiar i fjellområda våre, må dette skje i tråd med miljøstandardar og etter kriterie for berekraftig stiutvikling.

Ein berekraftig arealpolitikk må følgjast opp med kommunale tiltak for berekraftig byggeverksemd. Ein vesentleg del av C02-utsleppa knyter seg til byggeri. Venstre vil at nye Sogndal går føre med å satse på tre som byggemateriale i kommunale prosjekt. Vi vil også at kommunen skal vere med å stimulere til at privatpersonar og utbyggarar ser verdien i å bygge i tre.

Eit anna viktig kommunalt ansvarsområde er avfall og renovasjon. Det handlar om trygg avfallshandtering, minst mogeleg avfall, men også å tenke framtidsretta rundt korleis avfall kan vere ein ressurs. Venstre vil at eigarkommunane i SIMAS brukar styringsrolla si til å vidareutvikle selskapet på ein slik måte at vi både får effektiv og god avfallshandtering, men også eit tiltak i satsing på sirkulær økonomi.

Venstre vil ha eit grønt og nyskapande Sogndal, og vil at FN sine berekraftsmål blir lagt til grunn for utviklinga av Sogndal kommune, med lokale målsettingar og tiltak. Sykkelstrategi, plan for å ta vare på urørt natur, utsleppsfrie kommunale byggjeplassar og at grøne løysingar skal liggje til grunn for alle store avgjerder er noko av det vi som lokalpolitikarar kan bidra med.

Me vil at borna og borneborna våre skal ha minst like gode og trygge liv som me har i dag. Me vil ta berekraft på alvor. Blir du med?