Lesarbrev: Kultur og idrett for alle

Barn skal ha det bra
Myriam Zilles / Pixabay

Me veit at det også hos oss er born som av økonomiske grunnar ikkje kan eller får vera med i slike lag på linje med jamaldringane sine, skriv Tove Kristin Sleire Tistel og Per Einar Langhelle i Masfjorden Venstre i Strilen 23. august.

Masfjorden Venstre har programfesta at me vil ha støtteordningar som gjer det mogeleg også for born frå familiar med låg inntekt å vera med på kulturskule og idrettsskule. Me kunne òg lagt til: å vera med i idrettslag og musikklag eller andre frivillige lag der ein må betala kontingent.

Me veit at det også hos oss er born som av økonomiske grunnar ikkje kan eller får vera med i slike lag på linje med jamaldringane sine. Venstre vil arbeida for at alle skal kunne delta. Det er sårt å måtte stå på sidelinja når kameratane dine er på bana. Både på kort og lang sikt har me att for å investera i å gjera det mogeleg for alle å vera med.

På landsplan har Venstre fått gjennomslag for at familiar med låg inntekt skal ha redusert barnehagebetaling. I Masfjorden er det innført samordna søskenmoderasjon i barnehage og SFO.

Venstre meiner at dette er vegen å gå for at ikkje born skal stå utanfor. Dette er god integreringspolitikk og god utjamningspolitikk. Venstre vil difor i budsjettet for 2020 styrka kulturbudsjettet slik at me kan gje eit tilbod til alle som ønskjer det, uavhengig av foreldra si inntekt. Ei stemme til Venstre den 9. september er difor ei stemme til ein politikk som legg til rette for at alle kan få høve til å vera med.

Ordførarkandidat 2019 Tove Kristin Sleire Tistel
Per Einar Langhelle, andrekandidat Masfjorden Venstre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til nettsaka i Strilen