Venstre i Vestland fylke

Venstre i Vestland
Venstre sine representantar i Vestland fylkesting., Foto: Rebecca Amber

Gunhild Berge Stang i Fylkesutvalet – Alfred Bjørlo nestleiar i Hovudutval Kultur

– Vi er godt nøgde med at Venstre får handa på rattet i nye Vestland fylke – både i politiske gjennomslag og i viktige posisjonar. Vi ser fram til å løfte heile Vestland, og vere ombodspersonar for folk i by og land, frå nord til sør.

Det seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, som utgjer Venstre si fylkestingsgruppe i Vestland fylke 2020-23.

Gunhild Berge Stang frå Fjaler blir gruppeleiar for Venstre, fast medlem i Fylkesutvalet, Planutvalet og Finansutvalet og medlem i Hovudutval for Næring og Innovasjon.

Gunhild og Alfred
Venstre sine fylkestingsrepresentantar i Vestland fylke.

Alfred Bjørlo frå Eid/Stad blir nestleiar i Hovudutval for Kultur, Idrett og Integrering i Vestland, og fyrste vara til Fylkesutvalet.

I tillegg blir Ingrid Handeland frå Kvinnherad fast medlem for Venstre i Kontrollutvalet i Vestland.

Venstre er del av fleirtalskoalisjonen i nye Vestland fylke saman med Ap, Sp, Krf, SV og MdG. Partia er mellom anna samde om å prioritere ungdom og skule, om ein tydeleg distriktsprofil i det nye fylket og å omstille Vestland til eit klimanøytralt samfunn innan 2030.