Velkommen til fylkesårsmøte for Vestland Venstre på Voss 8. -9. februar

Venstre

Første fylkesårsmøte for eit samla Vestland Venstre haldast på splitter nye Scandic Voss helga 8. og 9. februar 2020.

Innkalling er sendt ut til lokallagsleiarane og sideorganisasjonane saman med ei oversikt over representasjonsretten til kvart lag og utrekninga av samansetninga av årsmøtet.

Det er interimsstyret som kallar inn og har ansvaret for førebuingane til dette første møtet etter samanslåinga ved nyttår. Det er årsmøta i lokallaga og sideorgansisasjonane som no vel sine utsendingar. Det ser per 31.01. ut til at det kjem kring 122 utsendingar til møtet på Voss.

Møtestart laurdag 8. februar kl. 11.00. Registrering frå 10.00.

Avslutning seinast 15.00 søndag 9. februar.

Detaljert program finn du her og lengst nede på sida.

Førebels sakliste for årsmøtet på Voss:

ÅM-1. Opning og namneopprop
ÅM-2. Godkjenning av innkalling og sakliste
ÅM-3. Godkjenning av program
ÅM-4. Godkjenning av forretningsorden
ÅM-5. Val av dirigentar, fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps og to personar til å skriva under årsmøteprotokollen. Eventuell supplering av redaksjonsnemnd for fråsegner.
ÅM-6. Generell politisk debatt
ÅM-7. Årsmeldingar
ÅM-8. Rekneskap 2019 – for begge dei gamle fylkeslaga
ÅM-9. Val av fylkesstyre, revisorar
ÅM-10. Vedtektsendringar 2021
ÅM-11. Nominasjonsprosessen fram mot stortingsvalet 2021
ÅM-12. a) Valkamprapport – orientering
b) Organisasjonsdebatt
c) Handlingsplan for 2020-21
ÅM-13. Eventuell tilleggskontingent for 2021
ÅM-14. Budsjett for 2020
ÅM-15. Fråsegner Lenkje til elektronisk skjema for endringsforslag
ÅM-16. Val av landsmøteutsendingar
ÅM-17. Landsmøtetema 2020 – Prinsipprogrammet
ÅM-18. Val av redaksjonsnemnd for fylkesårsmøtet 2021
ÅM-19. Orientering om stortingsvalprogramprosessen

Merk! Sak ÅM-10. Vedtektsendringar. For 2020, det første året etter samanslåinga, gjeld normalvedtekter for fylkes- og regionlag i Venstre. Frist for å kome med framlegg til endringar av vedtektene gjekk ut før nyttår – måndag 16. desember! Det har kome inn tre forslag til endringar og interimsstyret har sendt ut sakspapir med sine innstillingar til forslaga.

Lenkje til normalvedtekter for fylkes- og regionlag av Venstre (bokmål)

og tilsvarande nynorsk versjon tilpassa Vestland Venstre

Merk! Sak ÅM-11 Nominasjonsprosessen fram mot stortingsvalet 2021. Vedtak frå årsmøte i Jølster i år: Fylkesårsmøtet i Vestland Venstre 2020 gjer vedtak om det skal vere felles liste eller separate lister til Stortinget for stortingsvalkrinsane Sogn og Fjordane og Hordaland i 2021, og fastset ut frå det vidare prosess for nominasjonsarbeidet.

Om ein har innspel til andre saker som fylkesårsmøtet skal handsame, må ein sende desse til interimsstyret snarast!

Det er oppretta eit Facebook-arrangement for årsmøtet.

Frist for å sende inn forslag til fråsegner er tysdag 28. januar.

Meir detaljert informasjon om sakene, om fristar, påmelding og prisar er sendt til lokallagsleiarane. Dei pliktar å informere vidare.

Påmelding gjennom lokallagsleiar innan 23. januar.

Sakspapir vart sendt ut til dei påmelde delegatene fredag 31. januar.

Ta kontakt med din lokallagsleiar eller ein av fylkessekretærane om du har spørsmål.

Forslag og innspel sendast til [email protected]

Helsing interimsstyret ved leiar Alfred Bjørlo

___

Forslag til program for helga 8. – 9. februar 2020 ved Scandic Voss
Årsmøte for Vestland Venstre

Fredag 7. februar
18.30 Medlemmer av interimsstyret, sekretariatet og langvegsfarande delegatar til Voss
19.00 Middag
20.00 Møte for interimsstyret

Laurdag 8. februar
09.00 Møte for interimsstyret fortset
09.30 Møte arrangert av Venstrekvinnelaget
10.00 Registrering og kaffi

11.00 Opning av fylkesårsmøtet
Opning ved leiar av interimsstyret, Alfred Bjørlo
Namneopprop og val av møtedirigentar
Val av fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps, signatarar og eventuell supplering redaksjonsnemnd
Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av program og forretningsorden
Helsing frå Voss Venstre
Kulturelt innslag
Helsing frå ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøb
Helsing frå partileiar Trine Skei Grande
12.15 Lunsj
13.00 Orientering frå redaksjonsnemnd for politiske fråsegner og frå fullmaktsnemnda.
Generell politisk debatt – Innleiing ved Terje Breivik (15 min). Deretter (dei tidlegare) fylkesleiarane, gruppeleiar i fylkestinget og sideorganisasjonane først (5 min kvar).
13.45 Pause
14.00 Generell politisk debatt fortset. Innlegg ved statsekretær Atle Hamar 10 min først.
15.00 Politiske fråsegner – tal og prioritering
15.30 Kaffipause
15.50 Årsmeldingar og rekneskap
16.20 Valkamprapport – orientering frå Bjørn Tore Sund
Organisasjonsdebatt
Handlingsplan 2020-21
Budsjett 2020
Eventuell tilleggskontingent for 2021
Orientering frå Venstres Studieforbund
17.35 Val av fylkesstyre og revisorar
18.05 Vedtektsendringar
18.35 Politiske fråsegner
19.00 (helst 18.45) Møte slutt for dagen
20.15 Festmiddag

Søndag 9. februar
09.00 Møtestart (Kulturelt innslag)
Landsmøtetema 2020 – Prinsipprogrammet. Innleiing ved Sveinung Rotevatn.
Orientering om stortingsvalprogramprosessen ved Erlend Horn.
10.45 Kaffipause
11.00 Politiske fråsegner
11.30 Val av Landsmøteutsendingar
12.30 Lunsj og utsjekk
13.30 Nominasjonsprosessen fram mot Stortingsvalet 2021
Val av redaksjonsnemnd for politiske fråsegner på årsmøtet i 2021
15.00 Slutt og heimreise