Ny leiar i Sunnfjord Venstre

Styret i Sunnfjord Venstre, f.v. Birgit Tansøy, Vigdis Tonning, Ole-Magnus Kapstad, Kurt Hafstad og Tor Emil Olsen Foslid. , Foto: Åge Avedal

Tor Emil Olsen Foslid (30) vart vald til ny leiar under Sunnfjord Venstre sitt årsmøte søndag 19. februar.

Foslid tar over som leiar i Sunnfjord Venstre etter Åge Avedal, som har vore leiar sidan laget vart stifta i februar 2018. Med seg i styret får han Birgit Tansøy, Vigdis Tonning, Ole-Magnus Kapstad og Kurt Hafstad.

Aktiv innan volleyball
Foslid er opprinneleg frå Rakkestad kommune i Østfold. Han har budd det siste året i Jølster og seks år i Førde før det. Han har dei siste fem åra jobba ved Sunnfjord folkehøgskule, mest som lærar i volleyball, men det siste året som lærar ved E-sport aktiv-linja. Foslid har master i historie og er for tida assistenttrenar for damelaget til Førde volleyballklubb og nestleiar i Sunnfjord Idrettslag.

Tor Emil Olsen Foslid er inne i sitt andre år som politisk aktiv i Sunnfjord Venstre, og gler seg til arbeidet som styreleiar i laget.
– Det er eit stort ansvar å engasjere seg innanfor politikken. Sjølv om vervet som leiar ikkje er eit folkevaldverv, så representerer eg alle medlemene i Sunnfjord Venstre og vil jobbe for alle som stemte på Venstre ved kommunevalet, seier Foslid.