Ferjekostnader for næringsliv og brukarar i distrikta

foto: Norled

Ferje er for mange ein naturleg del av vegnettet, og må nyttast både av næringslivet og folk som er busette i distrikta.

Venstre har hatt stort fokus på å redusere utsleppa innan denne sektoren, og det er gledeleg at dette skaper ei positiv utvikling når det gjeld miljøet.

 

Baksida av medaljen er ein eksplosiv auke i kostnadane med å levere desse nødvendige tjenestene til brukarane. Slik det er i dag vert heile kostnaden med drift av det grøne skiftet overført brukarane, sjølv om gevinsten vert innkassert av samfunnet som heilheit.

 

Det vert hevda at regionane og fylka «aldri har fått større omføringar enn no», dette er vel berre naturleg gitt kostnadsbilde som teiknar seg på naturleg kostnadsvekst innan alle sektorar. Viss ein ikkje får tilført ein auke utover dette medfører det i praksis ein nedgang i tjenestetilbodet.

 

Vestland har også sine krav til innsparingar innan ferjesektoren. Venstre er uroa over at dette påfører næringslivet og brukarane kostnader som trugar både busetnad og overskot i næringslivet.

 

Vestland Venstre vil jobbe for at ferjesektoren får nødvendige driftsmidlar slik at kostnadsbilde ikkje overstig konsumprisindeksen.

 

Vestland Venstre vil også prioritere ferjeavløysingsprosjekt slik at ein dreiar kostnadsbilde frå drift til investering.

 

..

Fråsegn frå Askvoll Venstre – vert innsendt til fylkesårsmøtet i Vestland Venstre.