Hald oppe busstilbodet mellom fylka våre!

Volda Venstre ber fylkesutvalet i Møre og Romsdal avvise framlegget om å legge ned bussrute linje 351. Denne ruta mellom Ålesund, Volda, Førde og Bergen er eit viktig og populært bussrutetilbod som i mange år har vore med på å knyte dei tre vestlandsfylka saman.
Etter at Kvivsvegen stod ferdig vart tute endra med bussbytte på Kjøs. Dette gav m.a. innbyggarane i Hornindal eit busstilbod til Volda og Sunnmøre om morgonen.
Frå årsskiftet vart kommunane Hornindal og Volda slått saman. Då er det avgjerande med tenlege bussruter mellom Nordfjord og Sunnmøre. Å legge ned linje 351 – slik det er gjort framlegg om – vil vere eit feilslått tiltak i ei tid der vi arbeider for betre å kunne knyte saman kommunar, regionar og fylke.
Ei nedlegging av bussruta linje 351 må også sjåast i samanheng med eit nyleg redusert ferjetilbod på strekninga Volda-Folkestad, og avviklinga av busstilbodet mellom Folkestad og Nordfjordeid.
Volda Venstre meiner der er viktig å satse på gode kommunikasjonar over fylkesgrensene – ikkje minst med tanke på å fremje nærings- og arbeidslivet, og ei best mogeleg nyttegjering av private og offentlege sørvistenester som t.d. sjukehus- og utdanningstilbod .