‘Evakuer borna frå Moria’

Foto: www.fn.no

Venstre og SV sendtre interpellasjon til Askvoll kommunestyre om å støtte oppropet ‘Evakuer borna frå Moria’. Kommunestyret vedtok samrøystes i møte 29. april.

1. Askvoll kommune støttar oppropet ‘Evakuer borna frå Moria’

2. Askvoll kommune har kompetanse og kapasitet til å busetje fleire flyktningar enn det
regjeringa har lagt opp til, og ber regjeringa svare positivt på førespurnaden frå Hellas
om å ta mot einslege mindreårige og andre sårbare frå flyktningleirane.

3. Askvoll kommune krev at Noreg skal vere ein pådrivar for at menneskerettane blir
overhaldne i i europeiske flyktningleirar, og at grunnleggande behov blir dekt.