Ber om kompensasjon til alpinanlegg

Skianlegg
Allmennyttige og regionale skianlegg er først og fremst viktig infrastruktur og eit tilbod til ein region for folk, idrett, lokalt næringsliv og reiseliv, skriv avsendarane av det opne brevet., Foto: Pexels

– Kompensasjonsordninga til næringslivet treff ikkje alpinanlegg som er organisert som allmennyttige aksjeselskap med få tilsette og stor grad av dugnadsdrift. Dette er kritisk, og må rettast opp, heiter det i eit ope brev frå Venstre-tillitsvalde til næringsministaren.

Dette ope brevet sto på trykk i Sogn Avis 5. mai 2020:

* * *

Til Venstre på Stortinget og til næringsministar Iselin Nybø.

Kompensasjonsordninga til næringslivet treff ikkje alpinanlegg som er organisert som allmennyttige aksjeselskap med få tilsette og stor grad av dugnadsdrift. Dette er kritisk, og må rettast opp.

Allmennyttige og regionale skianlegg er først og fremst viktig infrastruktur og eit tilbod til ein region for folk, idrett, lokalt næringsliv og reiseliv. Desse er ofte organisert som allmennyttige aksjeselskap, med stor grad av dugnadsdrift, og på det jamne ei dagleg leiar stilling. Det blir ikkje betalt ut utbytte i denne typen selskap, og alt eventuelt overskot går tilbake til alpinanlegget.

Inntektene er i all hovudsak billettinntekter frå sal av heiskort i perioden frå desember til april.

Stenginga av alle alpinanlegg som resultat av pandemien og nasjonale retningslinjer, har sett mange alpinanlegg i ein svært vanskeleg situasjon. Å tape billettinntekter i mars og april med påska som ein viktig periode, betyr ein alvorleg og kritisk situasjon for dei alle fleste. I perioden april-november er det for mange anlegg ingen inntekt. Økonomien er avhengig av inntekter i perioden desember-april.

I sesongen 2019-2020 kom vinteren seint i vår del av landet, slik at pandemien traff den delen av sesongen der det var størst føresetnad for god drift og besøk i anlegga. Sesongen 2018-19 var motsett, medan sesongen 2017-18 var meir lik det vi såg av utvikling i år. Det riktige for denne typen anlegg er å kunne legge til grunn eit snitt for inntekter 2-3 siste sesonger i mars/april.

Vi ber dykk difor ta omsyn til følgjande i utforminga av forskrifta til tiltakspakke 2, som kjem i mai:

1. Alpinanlegg som vert drive med allmennyttig formål, og ikkje til privat økonomisk erverv, får høve til å søkje kompensasjon.

2. Alpinanlegg skal kunne legge til grunn eit gjennomsnitt av inntekter i mars og april frå dei 2-3 siste sesongane.

3. Nødvendig vedlikehald som skal utførast i løpet av sommarhalvåret må definerast som ein del av søknadskriteria.

Vi syner også til anmodingsvedtak frå Stortinget i samband med «Krisepakke 1» som omtalar desse forholda.

 

Alfred Bjørlo, Ordførar for Venstre i Stad Kommune (Harpefossen Skisenter)

Torstein Tvinnereim, Varaordførar for Venstre i Stryn Kommune (Stryn Skisenter)

Trude Risnes, Formannskapsmedlem for Venstre i Sogndal Kommune (Sogndal Skisenter)

Atle Hamar, Kommunestyremedlem for Venstre i Sunnfjord Kommune (Jølster skisenter)