Klok bruk av innkjøpsmakta

Bjarte Haugen og Trude Risnes
Bjarte Haugen og Trude Risnes er folkevalde for Sogndal Venstre., Foto: Sogndal Venstre

Når kommunen no utarbeider innkjøpsstrategi, vil Sogndal Venstre at denne konkret skal sikre at innkjøpa gjev betre tenester, ryddige og effektive kjøpsprosessar og berekraftige innkjøp. Sogndal kommune må ta eit tydeleg samfunnsansvar. Venstre vil at kommunen skal gjere klima- og miljøvenlege kjøp i praksis, at kjøpa bidreg til sirkulær økonomi, at innkjøpsrutinar sikrar omsyn til universell utforming, sosialt ansvar og hindrar arbeidslivskriminalitet.

Venstre tykkjer framlegget frå administrasjonen peikar på viktige mål og prinsipp for ein framtidsretta, berekraftig innkjøpspolitikk. Samstundes har vi fremja nokre tillegg, som vi meiner gjev tydlegare føringar: Venstre vil at eit større innkjøpssamarbeid ikkje skal vere til hinder for at kommunen ønskjer å kjøpe mest mogleg varer og tenester lokalt, innanfor gjeldande regelverk. Vi vil at kommunen skal ha ein kjøpsstrategi som også passar for små- og mellomstore verksemder, og for sosiale entreprenørar. Til dømes kan mindre, lokale aktørar lettare vere med å konkurrere, når kjøpa er målstyrte og delte i fleire deler. Der dette er relevant, vil Venstre også at Sogndal kommune utfordrar leverandørar på krav om lærlingar, utover forskriftskrava.

Kompetanse og vilje til å ta det lokale handlingsrommet er avgjerande for å lukkast. Venstre vil at vi som kommune skal strekke oss litt lenger, til beste for innbyggjarane, natur og miljø og vårt lokale arbeids- og næringsliv. Det gjeld også i innkjøpspolitikken.

Av Trude Risnes – gruppeleiar, Bjarte Haugen – kommunestyregruppa Are Kvistad – lokallagsleiar, Sogndal Venstre