Friluftsbarnehage på Kaupanger

Bjarte Ramstad og Trude Risnes
Leiar i Kaupanger IL Bjarte Ramstad og Trude Risnes, Sogndal Venstre., Foto: Sogndal Venstre

Sogndal Venstre føreslår i formannskapet 11. juni at utspelet frå Kaupanger næringsforening om friluftsbarnehage på Kaupanger blir utgreidd.

Tor Arne Ness, leiar i Kaupanger næringsforening, tek til orde for å starte friluftsbarnehage på Kaupanger, med samarbeid mellom kommunen og Kaupanger idrettslag.

Sogndal Venstre har løfta friluftsbarnehage på Kaupanger som programsak og tykkjer innspelet frå Kaupanger næringsforening er svært interessant.

Dersom idrettslag, andre aktørar og kommune kan samarbeide til nytte for alle, er ingenting betre. Sogndal Venstre har spelt saka inn til formannskapsmøte 11. juni, der vi føreslår at dette blir vurdert utgreidd, som del av arbeidet med den vidare barnehageplanlegginga.