Flott landsmøtehelg

Venstre har hatt landsmøte denne helga og på dette landsmøtet deltok 19 delegatar frå Vestland Venstre.

Vestlandsfolk på Landsmøtet 2020
Venstres
Venstres ledertrio: Guri Melby, Sveinung Rotevatn og Abid Raja
Den viktigaste saka på landsmøtet var val av ny leiing. Guri Melby er valt til ny partileiar.

Ho får med seg eidaren Sveinung Rotevatn og Abid Raja som nestleiarar.

Vestland er godt representert i den nye leiinga og vi gratulerer både Gunhild Berge Stang, med plass i sentralstyret, Erlend Horn med fortsatt plass i landsstyret og no varaplass i sentralstyret, Alfred Bjørlo med plass i landsstyret og Ane Breivik med varaplass i landsstyre

Terje Breivik på gitar

 

Samtidig er det vemodig at Terje Breivik ikkje lenger er ein del av den sentrale leiinga av partiet, men vi er heilt sikker på at han kjem til å levere solid arbeid frå sin Stortingsplass. Terje Breivik vart takka av under Landsmøtemiddag og imponerte dessutan fleire gonger under møtet med å traktere gitaren.

 

I generell politisk debatt deltok fleire frå Vestland: Peder Lofnes Hauge snakka om språklova som skal kjem og nynorskens kraft, Atle Hamar snakka om grøn vekst og grøn teknologi og dei moglegheitene som ligg her, fylkesleiar Åsta Årøen snakka om betydninga av å byggje gode fellesskapsløysingar i den krisetida vi står oppi med Covid-19 og at håpet er at vi hausten 2021 kan gå til val på styrka kommuneøkonomi. Alfred Bjørlo deltok også i debatten, og løfta m.a. Stad Skipstunnel og verdien av det å bu i distrikta.

Alfred Bjørlo snakka på LM2020
Åsta Årøen har ordet under LM2020

 

Landsmøtet har også vedteke nytt og friskt prinsipprogram. Forslaget om aktiv dødshjelp fall, ein vil styrkje kvinner si moglegheit til sjølvbestemt abort, og vi hadde også frisk ordveksling om vårt forhold til EU. Se nettsak: Venstre sier ja til EU

Heile det nye prinsipprogrammet (førebels ikkje korrekturlest) kan du lese her.

Landsmøtet vart halde under eit svært strengt smittevernsregime, og vart litt annleis, men var likevel vellukka. Neste gong vi skal ha landsmøte er temaet Stortingsvalprogram.

Lyst til å sjå fleire bilder frå Landsmøtet? Her er lenkje til album i Flikr

Videoar frå Landsmøtet kan ein finne på YouTube. Til dømes Trine sin tale eller andre debattinnlegg