Plast i drift rundt grendene våre

Gummigranulat i naturen
GUMMIGRANULAT: Gummigranulat er den nest største kjelda til ureining av mikroplast, etter slitasje frå bildekk og veger. , Foto: Privat

Naturen er best rein. Likevel kjem plast på avvege både til lands og i fjorden. Kva kan du og eg og vi-to gjere med det?

Av Sogndal Venstre, Trude Risnes, Bjarte Haugen og Maria Knagenhjelm.

Vi bur i eit land med fantastisk natur, men naturen er sårbar. Vi ønskjer ikkje at livet i fjorden skal bli kvelt av plast, verken av plasten du ser eller ikkje ser. Fugl, fisk og sel skal ikkje bli rørslehemma av plast rundt magen. Difor er det viktig at vi saman bidreg til å ta vare på naturen og havet.

Dugnadsånden i kommunen vår er stor. Med jamne mellomrom plukkar folk i grendene våre bos rundt i kommunen. Skulane plukker, speideren plukker, grendalaga plukker. Det blir mykje trivelegare rundt oss og vi unngår ureininga. Barn og ungdom har lett for å spørje kvifor det er ureining – og lett ville gjere noko med det.

No kjem snart hauststormane og bles lausgods langt av garde om vi ikkje tek ein skikkeleg opprydding. Har du til dømes ei god avfallshandsaming av rundballeplasten?

Sogndal Venstre jobbar i mot ureining av natur og miljø i kommunen vår, både den du ser og den du ikkje ser. Vi føl opp saker med landbruksureining, vi vil ha ein rein Sognefjord utan kloakkutslepp og anna grums. Vi vil også at leike- og idrettsplassar med plastgranulat ikkje skal renne ut i grøntområde og vassdrag kvar gang det kjem eit større regnskyll eller snø blir måkt av bana.

Over fleire år har det blitt vaska gummigranulat frå kunstgrasbaner ned i avløp, elvar og til slutt ut i fjorden. Gummigranulat er den nest største kjelda til ureining av mikroplast, etter slitasje frå bildekk og veger. Den vetle plasten er like farleg som den vi kan sjå. Den vetle er berre ikkje like lett å plukke.

Snart kjem det ei ny nasjonal forskrift med krav om å redusere gummiureining til naturen. Sogndal Venstre vil jobbe for at kommunen blir ein god lagspelar med naturen, slik at ein raskt kan ta i bruk dette nye regelverket. Rask omstilling til lokalt gode løysingar skal lønne seg for alle.

Strandryddedagen har samla folk i heile Norge for å rydde sine lokale. I 2019 vart meir enn 2000 tonn søppel fjerna frå norske strender. Det meste av dette var plast. Over fleire år har frivillige rydda ein avstand tilsvarande Oslo – Bergen tur/retur.

Denne dugnaden er utruleg viktig! Difor er det grunn til å takke TV-aksjonen NRK, WWF Verdas naturfond og tusenvis av strandryddarar for innsatsen.

Venstre har stått i bresjen for å lage internasjonale miljøavtaler for plast på avvege, og monaleg auke løyvingane til rydding av plast i havet. Med årets aksjon kan vi saman hindre 7000 tonn plast årleg å hamne i havet, og innsatsen bygger opp gode tiltak i lokalsamfunna i Søraust-Asia.

Vi i Sogndal Venstre støtter difor opp heilhjarta opp under årets TV-aksjon, og vil takke alle som bidreg.

 

(Dette innlegget vart først publisert på Sognavis.no 17. oktober 2020)