Regjeringa vil løyve 8,5 mill kr ekstra til Volda kommune

Volda Venstre

Volda kommune ligg an til å få ei ekstraløyving på vel 8,5 mill kroner til frie midlar i 2021. Det er klart etter at regjeringa i dag fremja eit forslag overfor Stortinget om tilleggsløyvingar til kommunane. Midlane er i første rekkje tenkt som kompensasjon for ekstra tiltak i samband med korona-pandemien slik at det framleis skal vere mogeleg for kommunane å levere gode tenester både i barnehagane, i skulane, og i helse- og omsorgssektoren.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier i ein kommentar at ho er bekymra for at koronapandemien mellom anna skal gå ut over dei yngste.
“Dessverre har vi sett at ein del kommunar held att naudsynte tiltak – og Venstre er bekymra for at dette skal gå ut over barn og ungdom i barnehagar og skular.”
Statsråd Melby oppmoda allereie i oktober kommunane om ikkje å halde att på pengebruken. “Ikkje hald att! Bruk pengar på skulane. Det er meir ressurskrevjande å drive skular og barnehagar under ein pandemi. Det skal ikkje kuttast, kommunane skal få kompensasjon for dette,” sa ho på ein presskonferanse.

Hallvard Bjørneset som er gruppeleiar for Venstre i Volda kommunestyre, er både glad og letta over meldinga om ekstra mildar.
“Eg synest regjeringa har vore tydelege gjennom heile koronakrisa på å stille opp for kommunane med ulike tiltakspakkar. Etter det eg veit er kommunesektoren så langt tildelt meir enn 20 milliardar kr i ekstra overføringar og tiltak. Eg er difor godt nøgd med at regjeringa gjer det råd for kommunane å yte best mogelege tenester også i ei vanskeleg tid for oss alle.”

Regjeringa gjer framlegg om ei samla ekstraløyving på 7,3 milliardar kr. Av dette er 217 mill kroner tiltenkt kommunane i Møre og Romsdal.