UDI må få pålegg om meir humanisme i vurderingane sine – resolusjon

Illustrasjonsbilde Pixabay

Hareid Venstre har i dag sendt fylgjande resolusjon til fylkesstyret i Møre og Romsdal Venstre og Stortingsgruppa i Venstre:

UDI skal utføre ein asyl- og flyktningspolitikk som er vedtatt av Stortinget. Men vi ser gong på gong at vedtak dei gjer om utvisning er i strid med vanlege folk si rettsoppfatning og skaper opprør frå grasrota i folket vårt. Og det kjem eit massekrav om at personar som har flykta hit frå vansklege situasjonar i heimlandet, har etablert seg her, lært seg norsk, gått inn i det norske arbeidslivet, fått familie, vener og skikka seg vel, ikkje må bli utvist på vage formuleringar frå UDI. Grunngivingane er ofte diffuse og generelle, som «sannsynleg falske papir» eller «sannsynlegvis ikkje kjem frå det landet dei oppgir», basert på papir som ikkje er akkurat slik som normalen eller på intervju som vi veit kan ha tolkingsfeil eller mistydingar. Konsekvensane for dei det gjeld er store, trass i at grunnlaget for konklusjonen framstår som spinkel. Dei som UDI meiner har «sannsynlegvis falske papir», blir sende attende til ei usikkert liv i landet dei rømde frå. Dei som UDI ikkje trur snakkar sant om opphavslandet, men ikkje har eit godt alternativ heimland til, bli verande her utan løyve fordi dei ikkje har nokon stad å sende dei. Utan løyve får dei ikkje personnummer.

Dermed kan dei ikkje få fagbrev eller anna utdanning, kan ikkje gifte seg, kan ikkje ta opp lån til å kjøpe seg eigen bustad, kan ikkje ta sertifikat, kan ikkje flytte til ny adresse fordi dei ikkje får ta ut flyttemelding. Vi har sett fleire høve på at friske, arbeidsglade, sosiale ungdomar blir nedbrotne av eit usikkert og sterkt avgrensa liv utan håp.

Saka om Sitel i Volda er eit grelt døme. UDI godtar ikkje at Sitel har fått papira av styresmaktene i Eritrea, trass i stadfesting frå eritreiske styresmakter på at papira er ekte. UDI vil heller ikkje ha ei human tolking av «tilknyting til riket». At Sitel har budd her i seks år, har to born, barnebarn, ektemann i jobb her og sjølv og sjølv er i jobb, er ikkje nok til at ho skal ha tilknyting til riket.

Her gjeld tydlegvis ikkje dei vanlege rettsomsyna som gjeld elles i rettssystemet vårt: «rettsleg tvil skal kome tiltala til gode». Nei, med svært tynne grunngivingar blir det for Sitel og for mange andre konkludert med at denne tvilen kan ikkje den norske staten godta. Det kan kome til å skape presidens , og vi kan få ei massetilstrøyming av lukkejegarar til landet vårt, heiter det frå UDI.

Hareid Venstre meiner Noreg no fører ein for streng asyl- og flyktningpolitikk. Det første som bør skje er at regjering og Storting må gi UDI beskjed om at dei i større grad skal ta menneskelege omsyn i tolking av lover og reglar. UDI tolkar regelverket på ein inhuman måte som ikkje er naudsynt og som er i strid med rettsoppfatninga til svært mange.

Det neste som må skje er at den vedtatte asylpolitikken må justerast slik at han blir meir i samsvar med fleirtalet av nordmenn si vanlege rettsoppfatning og engasjement for menneske som treng vern frå forfølging og /eller krig i sine eigne land.