Årsmøte 26. januar

Det blir årsmøte i Sogndal Venstre tysdag 26. januar kl. 19.00. Møtet blir heildigitalt.

Innkalling og førebels sakliste er sendt på e-post til alle medlemmane i laget. Opprinneleg var det tenkt å ha møte ved Sogndal skisenter, men på grunn av smittesituasjonen blir møtet gjennomført berre digitalt.

Innspel til andre årsmøtesaker må vere sendt inn seinast 20. januar til sogndal@stemvenstre.no. Alternativt ta kontakt med lokallagsleiar Are Kvistad.