10 år før tiltak mot miljøforureining

Portrett av Trude Risnes
Sogndal Venstre vil ha ein kommunal forureinings- og avfallspolitikk som er føreseieleg og ryddig, som rettleier og legg til rette for god oppfølging, men som også er tydeleg i oppfølging av avvik og brot, skriv Trude Risnes i dette innlegget., Foto: Privat

Kvifor tek det så lang tid å finne løysingar?

Det er eit sørgjeleg syn som møter oss i Sogn avis nettutgåva 23. januar. Bilete på bilete frå grov forureining. Endelause mengder med plast på 60 dekar landbruksjord. Om lag 2000 lastebillass. Like sørgjeleg er tida det har teke å få fart på tiltaka mot slik grov forureining.

Ja, som kommune skal vi samarbeide om løysingar, men vi må også setje tydelege krav! Denne saka viser kva som elles skjer: Villfyllingar, avfallsberg og alvorlege avrenningsproblem veks fram. Statsforvaltaren og kommunen mistenkjer fleire lovbrot.

Innbyggjarar har i fleire år meldt uro og sendt klage. Saka har vore kjend, også politisk, men mogeleg miljøkriminalitet har tydlegvis ikkje vore særleg prioritert. At det no endeleg blir teke tak i, er sjølvsagt alt for seint, og likevel eit stort steg framover!

Venstre har fleire gonger etterspurt kva kommunen gjer i slike saker. Vi har stilt spørsmål ved fyllingar og lagring av byggemateriale, i bustad- og LNF-område. Seinhausten 2020 hadde vi på nytt spørsmål, om status i fem tilsynssaker. Venstre er lova ei sak om dette. Snart er ny miljørådgjevar på plass, det ser vi fram til.

Venstre vil ha oversikt over korleis vi som kommune følgjer opp, både på offentleg og privat grunn. Vi vil ha ein kommunal forureinings- og avfallspolitikk som er føreseieleg og ryddig, som rettleier og legg til rette for god oppfølging, men som også er tydeleg i oppfølging av avvik og brot.

Etter forslag frå Venstre gjekk kommunestyret i desember inn for at det skal jobbast fram plan for oppfølging av forureining. Dette krev administrative ressursar, men det krev også ei politisk leiing som prioriterer miljø og natur, i ord og handling.

Trude Risnes, gruppeleiar Sogndal Venstre