Årsmøte i Voss Venstre, 26.01.21

Tysdag 26.01.21 vart årsmøte i Voss Venstre gjennomført.

 

ÅRSMELDING 2020

I 2020 har Voss Venstre hatt 4 ordinære styremøte. Status for 2020 er at Voss Venstre har ein representant i heradsstyret til Voss herad, Elin Seim.

2020 har vore eit krevjande år for Voss Venstre etter valet i 2019, og situasjonen med korona-viruset har gjort at det i perioden februar til mai var veldig roleg i høve styrearbeid i Voss Venstre. Utanom denne perioden har me klart å avhalde styremøte med fysisk oppmøte, og me har forsøkt å halde oppe trykket.

Per 01.01.2021 har Voss Venstre 26 betalande medlemmar.

Styret i Voss Venstre har hatt denne samansetninga i 2020:

Leiar: Katrina Øvsthus Stavenes
Kasserar: Ingebjørg Winjum
Sekretær: Jens Håkon Birkeland
Styremedlem: Astrid Rongen, Odrun Vevatne
Varamedlem: Elin Seim, Leif Helge Vevatne, Knut Olav Nestås

 

8.-9. februar 2020 hadde Vestland Venstre sitt velluka og historiske skipingsmøte på Voss med heile 150 deltakarar, på Scandic Voss. Partileiar Trine Skei Grande deltok på møtet med eit innslag, og Terje Breivik og Sveinung Rotevatn var og tilstades.

Voss Venstre hadde ansvar for kulturinnslag begge dagane, samt festleiar laurdagskvelden. Det vart eit vellukka skipingsmøte, med kjekke kulturinnslag.

Voss Venstre hadde tre delegatar og to observatørar på skipingsmøtet.

 

Søndag 19.07.20 vitja kulturminister Abid Raja med familie Voss. Elin og Katrina brukte dagen saman med Abid og familien. Besøket starta på Voss Folkemuseum der det var laga i stand underhaldning med song og dans, og presentasjon av planane for ombygging av Voss Folkemuseum. Vidare gjekk turen med Voss Gondol opp til Hangurstoppen restaurant for ein lett lunsj. Etter lunsj fekk Abid og familien prøvd seg ein tur i vindtunnelen hjå Voss Vind, og dagen vart avslutta med eit besøk hjå Voss Rafting og rafting. Det var ein flott søndag, og Voss fekk vist fram mangfaldet me har i kulturtilbod.

 

Torsdag 22.10.20 arrangerte Voss Venstre regionsmøte i Granvin, for å diskutere prøvenominasjon for Hordaland Venstre. Her var Venstre-laga i Kvam, Ullensvang og Ulvik inviterte til å delta. Ulvik og Ullensvang var representerte på dette regionsmøtet. Åsta Årøen stilte og på regionsmøtet for å snakke generelt om Venstre og valkampen i 2021.

 

Saker me har vore opptekne av i 2020 er mellom anna vedlikehald skulebygg, idrettsfløy, barnevernsvakt, opne og konstruktive prosessar i det politiske miljøet, kommuneplan/sentrumsplan, økonomisk tryggleik for Ekstremsportveko og ansvarleg kommuneøkonomi i heradet.

 

Voss, måndag 25.01.2021

Katrina Øvsthus Stavenes, leder

Jens Håkon Birkeland, sekretær