Storsatsing på studentar

Vanylven Venstre

– Venstre og regjeringa leverer i dag ei storsatsing på ein milliard kroner til studentane. Dette kjem også Volda-studentane til gode, seier Lena Landsverk Sande som er stortingskandidat for Venstre i Møre og Romsdal og til dagleg ordførar i Vanylven kommune.
– Mange studentar har hatt det tungt under koronapandemien. Deltidsjobbar har falle vekk grunna eit hardt råka næringsliv, og mykje av undervisninga er gjennomførd digitalt. Mange sit mykje åleine, utan å få møte vener og medstudentar, seier Landsverk Sande.
Regjeringa har no lagt fram ein krisepakke som skal bidra til ein betre kvardag for studentane under pandemien, og legge til rette for at dei kan ta opp att aktivitet raskt så snart situasjonen tillet det.
Hallvard Bjørneset i Volda Venstre seier i ein kommentar at det i Volda er mange studentar som har mista ekstrainntekta si og såleis har det økonomisk krevjande på grunn av pandemien.
– I Venstre har vi lenge jobba for å finne ei løysing som kan betre situasjonen for studentane. Og vi er svært nøgde med at regjeringa no kjem med ei kriseløysing for studentøkonomien. Eit av tiltaka er at studentane som har mista inntekta si, kan få auka andelen studielån, slik at det totalt blir på 1,5 G – det vil seie i overkant av 150.000 kr, fortel Bjørneset.
Guri Melby, kunnskapsminister og leiar i Venstre, meiner det er viktig også å planlegge for vegen ut av pandemien. Her kan studentane spele ei viktig rolle. Dette gjer regjeringa ved å få på plass ordningar som gjer at studentane kan skape aktivitetar for og bidra til fagleg oppfølging av medstudentar.
Lena Landsverk Sande legg til at ut over den økonomiske kriseløysinga og tiltak for å skape fleire sosiale arenaer og betre mental helse, gjeninnfører regjeringa eit midlertidig unntak frå bortebuarkravet for vårsemesteret 2021.
– Det inneber at elevar og studentar som har oppgitt at dei skal bu på studiestaden, men som midlertidig flyttar til foreldreheimen grunna pandemien, ikkje skal miste stipendet sitt.

Følgjande tiltak inngår i regjeringa sin studentpakke:
– 779 mill kr til tilbod om ekstralån til studentar som har mista inntekt grunna pandemien.
– 150 mill kr til fagskular, høgskular og universitet for å løne studentar som skal gi fagleg oppfølging av andre studentar.
– 50 mill kr til studentsamskipnadene for å løne studentar som skal sørge for gode sosiale tilbod til andre studentar.
– Gjeninnføre midlertidig unntak frå bortebuarkravet for elevar og studentar for rett til einskilde stipend og lån.
– 50 mill kr til vidareføring av midlertidig unntak frå inntektsgrenser ved behovsprøving av stipend.
– 20 mill kr til sosiale lågterskeltilbod for studentane
– 10 mill kr arbeid retta mot studentane si psykiske helse, av dette 8,5 mill kr til studentsamskipnadene og 1,5 mill kr til Mental Helses studenttelefon.

I tillegg gjer regjeringa framlegg om følgjande tiltak som treffer studentar:
– 500 mill kr til å opprette og utvide sommartilbod for elevar i grunnskulen, blant anna gjennom bruk av lærarstudentar i tilboda.
– Vidareføre ordninga med utvida tilgang på betalingsutsetting i Lånekassen til 1. juli 2021.