Venstre oppmodar om å følgje opp ungdomsrådet i Sogndal

Gruppeleiar Trude Risnes i Sogndal Venstre har 1. februar sendt denne oppmodinga til politisk leiing i kommunen om å følgje opp undomsrådet si drøfting av innspel til Ungdommens distriktspanel.

Ordførar,

20. november inviterte Ungdommens distriktspanel alle landets kommunar til å gje innspel på 15 framlegg til framtidas distriktspolitikk, utarbeidd av ungdomspanelet. Invitasjonen gjekk til ordførarar og ungdomsråd, med oppmoding om å behandle saka og gje innspel til fristen 1. februar. Ungdomsrådet blei orientert i møte 24. november og skal drøfte saka 2. februar.

Venstre tykkjer det er bra at ungdomsrådet tek opp saka og vi oppmodar rådet om å gje innspel. Her kan ungdommen sjølv meine kva som må prioriterast, for at unge vel distrikta framover.

Vi etterspør samstundes at innspela frå rådet blir tekne opp i andre utval. Dette er eit viktig tema, ei viktig sak og vi viser då i praksis at vi tek ungdom på alvor. Det er også eit godt høve til å lokalt ta tak i tema som ungdommen er opptekne av.

Har ordførar, varaordførar og leiarane av komiteane diskutert dette? Når nestleiar i komitè for samfunnsutvikling, Hans Christian Knutsen (SV), også er medlem i Ungdommens distriktspanel, er det noko underleg dersom saka ikkje får meir merksemd. Dersom ingen innspel eller politisk drøfting, er det vel smått pinleg?

Trude Risnes
Gruppeleiar Sogndal Venstre