Gi nytt liv til Støyperi-området!

Volda Venstre

Støyperi-området i Volda (ca 2,5 daa) ligg tett opp til Øyraelva/Elvadalen, og på tomta står det gamle Støyperiet. Bygget ber preg av dårleg vedlikehald, men har ein kulturhistorisk verdi for Volda si lokalhistorie, og sjølve bygninga har arkitektonisk potensiale og er verdt å ta vare på.
Med skogen rundt og tilkytting til turvegen i Elvadalen kan dette bli ei lita perle i nær avstand til sentrum. I staden for bustadbygging, bør ein sjå på andre bruksområde for bygget og tomta – der ein innlemmer området som ein del av vandringa langs Elvadalen. (Cafe, restaurant, galleri, utstilling, kunsthandverk m.m.)

Dette skriv Volda Venstre i ein høyringsuttale for ny arealplan til området merka B16 (Røysbakken 36 – eigedom 19/564)

Venstre meiner vidare at området også kan gå inn som ein stopp i ein del av ei kultur- og naturvandring som kan utviklast frå Andaneset, via Garvarbuda, til sentrum og heile Elvadalen. Legg ein opp til meir boligbygging i dette området, vil det “punktere” den grøne lunga langs Elvadalen og forringe vandringa på turvegen som bør haldast mest mogeleg skjerma av skog.

Med bakgrunn i ovannemnde ynskjer vi ikkje at dette arealet skal regulerast til boligbygging, men sjåast på som BKB-område i den nye arealplanen.

Vi referer til utdrag av planprogrammet:

Arealstrategiar for grønstruktur, friluftsliv og kultur:
– Sikre og utvikle viktige natur- og friluftsområde og legge til rette for tilgang til områda.
– Sikre og vidareutvikle grønstruktur i Volda sentrum med fokus på Utviklingsplanen og strategien “frå fjord til fjell”.
– sikre viktige kulturmiljø og kulturminne
– satse på kulturelle og sosiale møtestader

Arealstrategi for sentrumsutvikling og senterstruktur:
– Volda sentrum skal prioriterast som regionalt handels-, bu- og næringssentrum, med urbane kvalitetar der detaljhandel skal lokaliserast til sentrumskjernen – og institusjonar med krav til utrykkingstid, ikkje vert lokalisert utanfor Volda tettstad.
– Volda sitt særpreg og identitet skal styrkast ved å sikre den eldre trehusbebyggelsen og anna særprega arkitektur, ta vare på smug, fjordgløtt og grøne lunger og sikre eit ope sentrum mot fjorden.

Kulturlandskap og kulturminne er viktige ressursar for regional og lokal utvikling. Godt ivaretekne kulturminne og miljø er identitetsskapande og gir opplevingsverdiar som kan vere med å styrke utviklinga i Volda.

Innspela til høyringsuttale er ført i pennen av kommunestyrerepresentant Benedikte Holmberg. Volda SV har slutta seg til denne uttalen, og uttalen er sendt inn som ein fellesuttale frå Volda Venstre og Volda SV.