2021, jernbanens år i EU

Venstre

Denne fråsegna om jernbane vart vedtatt av Vestfold og Telemark Venstres fylkesårsmøte 13 og 14 mars i år:

Venstre vil gjere jernbanens år til starten på ei ny satsing på jernbane i Noreg

EU har gjort 2021 til Jernbanens år og vil løfte fram jernbanen i European Green Deal, som den mest bærekraftige og sikre transportforma, og som skal spele ei stor og viktig rolle i Europas framtidige mobilitetssystem, – miljøvenleg, energieffektiv og med eit stort og aukande transportvolum.

EU-kommisjonens nye transportdirektiv, «Sustainable and Smart Mobility Strategy» av 16.12.20 satsar også stort på jernbanen, gjennom m.a. dobling av lyntogtrafikken innan 2030, tredobling innan 2050, samt auka godstransport på bane med 50 % innan 2030 og ei dobling innan 2050. Dette mens vegavgifter skal aukast kraftig, etter prinsippet «forureinar betalar». Satsinga tener ikkje bare for klima, men også andre utslepp til luft, land og vann, samt mot støy, vegslitasje og ulykker.

Klima- og energistrategi utan jernbane i Noreg

Noreg ser heller ut til å satse uhemma på firefelts motorvegar for 110 km/t. Venstre vil snu på dette og la moderne banar bli hovedtransportåra mellom landsdelane. Sjølv med elektrifisering av heile bilparken vil vegar utgjere eit miljøproblem i form av veg- og dekkslitasje, støy, store arealinngrep, kø og store omkostningar ved ulykker. Dekkslitasje frå bilar utgjer nesten halvparten av alt landbasert utslipp av mikroplast i Noreg. Og asfaltering åleine utgjer eit klimautslepp på 460 000 tonn CO2 årleg.

Tunge trailerar er dessutan svært vanskelege å elektrifisere pga. konflikt mellom batterivekt, lastekapasitet og rekkevidde. Ifølge ein rapport frå samferdselsetatene 01.12.20 vil ikkje elektriske trailerar vera aktuelt før rundt 2045 – 2050, og samtidig vil tungtransporten på veg doble seg fram til 2050 med dagens planar (TØI). Utfordringane mellom batterivekt, kapasitet og rekkevidde er berre større for elektriske fly.

Moderne høgfartstog etter Europeisk mønster

Med høgfartsbanar i fleirbrukskonsept for langdistanse-, regional-, og godstrafikk vil ein kunne tilby bærekraftig transport, utan klimautslepp, som både er raskare og betre enn fly-, trailer- og biltrafikk. Jernbanen er også den suverent mest energieffektive transportforma, noko som blir stadig viktigare dess meir av transportsystema som skal over på elektrisitet. Jernbanen har også ein langt høgare kapasitet enn motorvegar, samtidig som den er smalare og derfor legg beslag på langt mindre areal.

Det er i langdistansetrafikken dei store klimagevinstane for jernbanen ligg, med overført gods- og flytrafikk samt langdistanse personbiltrafikk. Lokal-og intercitytrafikk har også klimaeffekt, selv om de ikkje erstatter “klimaverstinganeene” fly- og godstransport. Det er også på langdistanse jernbanen har best økonomisk resultat. Ved å inkludere IC og annan regionaltrafikk i ein nasjonal plan for høgfartsbanar i fleirbrukskonseptet, kan ein få ut dei store gevinstane for jernbanen. Det er derfor også svært viktig at dobbeltspor fullføres til Skien, Lillehammer og Halden.

Venstre vil:

  • La Jernbanens år i 2021 vera starten på ei ny satsing på jernbane i Noreg, gjennom ein nasjonal plan for konkurransedyktige jernbanar landsdelane imellom. Slik vil vi at Noreg også skal bidra til å nå EUs mål om tredobling av høgfartsstrafikken og dobling av godstrafikken på bane innan 2050.
  • Binde saman landet på ein rask og effektiv måte for person- og godstrafikk, og samtidig redusere klimautslepp gjennom overføring av trafikk til klimanøytrale banar drivne direkte på elektrisitet.
  • Venstre ønskjer ei snarast muleg realisering av slike høgfartsbanar i fleirbrukskonseptet. For å få fortgang i arbeidet, bør ein kopiere organiseringa av dei mest vellukka utbyggingane i Europa og vurdere å ta utgangspunkt i dei planane som alt ligg føre.