Million-løyving til Svor-museet i Hornindal

Lena Landsverk Sande , stortingskandidat for Venstre, saman med Tove Lande som får det framtidige ansvaret for Svormuseet, og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn som er adm. direktør i Musea på Sunnmøre. foto: , Anne-Mari Tomasgard/Sunnmmørsposten

Regjeringa løyver 1 million kroner til Anders Svor-museet i Hornindal i revidert nasjonalbudsjett. Det var stortingskandidat Lena Landsverk Sande (V) som fekk æra av å presentere gladmeldinga på vegne av kulturminister Abid Raja. Pengane skal nyttast til å ta vare på og vidareutvikle tilbodet ved museet.
“Målet er å få vist fram for publikum den store kunstnaren Anders Svor på best mogeleg vis”, seier ei strålande nøgd Landsverk Sande i ein kommentar.
Bondesonen Anders Svor vart fødd i 1835 og vaks opp på garden Svor. Han budde mesteparten av livet i Oslo/Kristiania og vart ein av landets mest respekterte bilethoggarar. Han døde i 1929 og er gravlagd i heimbygda Hornindal. I 1953 vart eit eige museum for Anders Svor med om lag 500 arbeid av kunstnaren opna. Museet er seinare utvida og renovert. Det er no lagt opp til at Musea på Sunnmøre skal overta både bygningen og kunstsamlinga.
I tillegg til Svor-museet er det også sett av ein million kroner kvar til Mellemværftet i Kristiansund og prestegarden i Nesset – barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson.