Temakveld i Volda Venstre

Kjetil Haanes/nett no

Lokal næringsutvikling og haustens stortingsval vil stå i fokus når Volda Venstre inviterer til temakveld tysdag 15. juni kl 19.00 i “Læremiddelfabrikken” på Folkestad. Lena Landsverk Sande – stortingskandidat og ordførar i Vanylven, Alfred Bjørlo – stortingskandidat og ordførar i Stad, saman med valkampleiar Annika Brandal vil orientere om mål, planar og gjennomføring av valkampen.

Under temaet “Å drive næringsutvikling i distriktet vårt – i fortid og notid” vil deretter Martin Brænne og Thomas Busker Larsen med utgangspunkt i Brænne Mineralvatn ta oss med på ei historisk næringslivsreise frå slutten av 1800-talet og fram til vår tid.

Nye og gamle medlemmer er velkomne til ein triveleg og interessant kveld på Folkestad. Ferje frå Volda kl 18.40. Parkering ved butikken (COOP-marked).

Vi satsar på enkel servering.
Av smittevernomsyn ber vi om påmelding – mob 958 27 595.