Uttalelse: Berekraftig hydrogenproduksjon

Hydrogen
I internasjonal skipsfart er hydrogen og ammoniakk produsert frå hydrogen, sett på som det mest realistiske alternativet for å nå null i utslepp. Venstre ynskjer å satse på hydrogen og ammoniakk som energiberarar i skipsfart i nærområda for å gje Noreg kraft i å bere fram morgondagen sine løysingar., Foto: iStock

Hydrogen gir spanande moglegheiter for Noreg, både som energinasjon og teknologinasjon. Vi har naturgitte gode forhold for produksjon av hydrogen på ein berekraftig måte. Vi kan produsere grøn hydrogen med fornybare og reine energikjelder som vatn, vind og solkraft. Vi har og eit potensiale innan blått hydrogen, som er den beste moglegheita til å gjere om fossil gass til eit produkt nærast utan utslepp, i ei verd som går i retning netto null utslepp.

 

Venstre har i regjering fått på plass ein offensiv handlingsplan for grøn skipsfart, ein hydrogenstrategi og no sist eit vegkart for hydrogen. Bruk av hydrogen som energibærar er ein sentral del av planen for å nå Noreg sitt klimamål i 2030. Støtteordningar for hydrogen er etablert og forsterka i Innovasjon Noreg, Noregs Forskningsråd, Gassnova, Enova og gjennom internasjonalt samarbeid. I starten av juni fekk Venstre og regjeringa på plass portalen HEILO, som gir næringslivet og forskingsmiljøa oversikt over porteføljen av pågåande prosjekt med støtte frå verkemiddelapparatet.

I internasjonal skipsfart er hydrogen og ammoniakk produsert frå hydrogen, sett på som det mest realistiske alternativet for å nå null i utslepp. Vi ynskjer å satse på hydrogen og ammoniakk som energiberarar i skipsfart i nærområda for å gje Noreg kraft i å bere fram morgondagen sine løysingar.

No er det viktig å få etablert produksjonsanlegg for hydrogen og infrastruktur for å ta hydrogen i bruk i heile landet. Verdikjedene innan hydrogen kan vere særskilt viktige langs kysten. Produserer ein hydrogen i kystområda og leverer til drift av hurtigbåt, ferje og andre kystfartøy vil det vere med å drive fram lønsemd i produksjon og distribusjon av hydrogen.

Nullutsleppskravet for store forureinande cruisebåtar i fjordane våre og særskilt i verdsarvfjordar er viktig å stå fast ved. I sårbare område må båttransport så snart som mogleg gå over til å nytte hydrogen, ammoniakk eller batteri. Dette vil også kunne skape grunnlag for lokalt næringsliv, gjennom å tilby transport med mindre lokaleigde båtar som går på hydrogen. Fleire fartøy innan oppdrettsnæringa kan også driftast med hydrogen.

Venstre meiner det samtidig er viktig å få på plass eit nasjonalt tilbod av hydrogenfyllestasjonar både for tungtransport og personbilar. Næringsliv og privatpersonar som ynskjer å ta i bruk hydrogen må ha tryggleik for å kunne fylle køyretøya sine. For å leggje til rette for fleire køyretøy på hydrogen vil Venstre at verkemiddelapparatet i samarbeid med næringslivet skal få på plass minst 30 hydrogenfyllestasjonar for tungtransport og personbilar innan 2025.

Uttalelse vedtatt av Venstres landsstyre 21. juni 2021