Uaktuelt å kutte havsøppel-ordning

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo: – Meir ENØK-støtte til folk flest, Foto: Helle Frogner

-Fiskarane må framleis få levere avfall frå sjøen gratis til gjenvinning, gjennom ordninga «Fishing for Litter». Kampen for reint hav må styrkast, ikkje svekkast. Eg ventar at Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) snarast ryddar opp i tvilen som byråkratene i Miljødirektoratet har skapt om ordninga, seier Venstre-ordførar i Stad og 1. kandidat til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo.

«Fishing for Litter» er ei enkel og ubyråkratisk ordning som har ført til at store mengder havsøppel dei siste åra har blitt samla inn langs norskekysten frå små og store fiskefartøy. Miljødirektoratet har no foreslått å avskaffe ordninga, og i staden innføre ei generell avgift som fiskarane må betale uansett om dei samlar opp og leverer søppel i land eller ikkje.

– Framlegget tyder på byråkratane i Miljødirektoratet lever fjernt frå det praktiske livet på ein fiskebåt – der oppsamling og levering av avfall er ekstraarbeid i ein frå før travel kvardag. Med ordninga «Fishing for Litter» har ein klart å finne ei ordning som fungerer i praksis ute i felten, med fabelaktige resultat. Eg trur og ventar at Venstre sin Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn no snarast gjer det klart at ordninga skal halde fram, og let framlegget frå byråkratane i direktoratet ligge i skrivebordsskuffa, seier Alfred Bjørlo.