Venstre vil prioritere kvinnehelse

F.v.: Grete Herlofson (generalsekretær i NKS), Anne Marie Strømsøy (fylkesleiar i NKS SFj) og Alfred Bjørlo (1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane)., Foto: privat

Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har utfordra stortingskandidatane i Sogn og Fjordane på å løfte kvinnehelse som tema på det nye Stortinget.

Det er ei utfordring som er heilt på sin plass. Venstre og mitt svar er krystallklart: Tida er inne for å prioritere kvinnehelse.

NKS har etter mitt syn heilt rett i at det enno er store kjønnsskilnader innanfor helse, og at kvinnesjukdommar gjennomgåande har lågare status i helsevesenet. Typiske kvinnesjukdommar som endometriose blir forska altfor lite på ut frå omfanget dei har for samfunnet og den enkelte – og det er for dårleg utvikla behandlingstilbod for mange kroniske kvinnesjukdommar.

Eg og Venstre støttar NKS i deira hovudkrav til det nye Stortinget. Det må bli sett av auka midlar til forsking på kvinnehelse – i ein periode framover må vi prioritere dette særskilt for å få opp kunnskapsgrunnlaget om kvinnesjukdommar. Venstre i regjering har allereie styrka satsinga på forsking på kvinnehelse vesentleg, og nedsett eit offentleg utval som skal lage ein grundig rapport om kvinnehelse og helse i eit kjønnsperspektiv. Denne rapporten trur eg vil legge eit svært viktig grunnlag for vidare arbeid med meir likeverdige helsetenester mellom kjønn – men vi kan allereie no slå fast at forskinga på kvinnehelse må styrkast.

Venstre støttar også framlegget om å få opp eitt eller fleire nasjonale kompetanse- og behandlingssenter for endometriose og andre alvorlege kvinnesjukdommar som i dag ikkje blir tatt nok i vare ute i helseregionane. Eg er også positiv til at vi må få opp ein eigen kunnskapsportal på nett om kvinnehelse, og vil gjerne samarbeide med NKS om dette dersom eg blir vald inn på Stortinget.

NKS er ein viktig pådrivar for å minne det politiske miljøet om at vi enno ikkje har reell likestilling i Noreg på alle område – ikkje minst innanfor helse. For Venstre har det dei siste fire åra vore ei viktig prioritering å styrke familievernet og krisesentera, frivillige organisasjonar som «Alternativ til Vold» med meir. Vi har løftet rettigheitane til papirlause kvinner og deira rett til gode fødselstenester. Vi har styrka pårørandeomsorga og m a endra pleiepengeordninga vesentleg. Vi har innført og skal følgje opp likeverdsreformen som skal gjere kvardagen enklare for familiar som ventar eller har barn med trong for samansette tenester. Det vil hjelpe kvinner som tar hovudbyrda heime. Politireformen har styrka politiet sin kompetanse og slagkraft inn mot familievold, som særleg rammar kvinner og born.

Eg vil nytte høvet til å takke NKS for det viktige arbeidet organisasjonen gjer både på nasjonalt og lokalt hald. Venstre vil kjempe saman med NKS for reell likestilling på alle område – og for at kvinners helse skal takast på alvor i helsevesenet over heile linja.

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane