Bli med på Vestland Venstre sitt Kunst- og kulturlotteri

Vestland Venstre
Bli med og kjøpe lodd i Vestland Venstre sitt Kunst- og kulturlotteri. Inntektene går rett til valkampen. Lotteriet vert trekt 13. september!

Eit lodd kostar 10 kroner og du kan betale med Vipps til #632986 Kunst- og kulturlotteriet 2021. Du kan og bruke QR-koden som ligger under.
Du kan mellom anna vinne:
  • Akvarell av Kari Andrine Frønsdal, innehavar av Galleri Skjold på Nesttun. (Sjå bilete)
  • Vinsmaking med Heine Johansen. Heine stiller med to premiar, ein digital og ein fysisk. I tillegg til å vere leiar i Bergen Venstre er Heine mellom anna redaktør av nettstaden www.nattverden.no. Fleire detaljar kjem.
  • Ei fritt vald oppleving verdt 3000 kroner på www.Haaheimgard.no
  • Øl- og cidertur i vakre Hardanger med guide fruktbonde Peter Sexe Ulriksen i Ullensvang. Petter har lang fartstid i Venstre og har representert oss i kommunepolitikken i ei årrekkje.
  • Signert eksemplar av Trine Skei Grande si bok Oppreist.
  • Terje Breivik sliper 10 knivar for deg!
  • Bilete laga av Trine Noodt. Trine er aktiv kunstnar og Venstre sin 1. kandidat i Finnmark valkrins.
  • Trykk laga av Heidi Fjell, deesignar og kunstnar med røter på Glesvær. Biletet er ei gåve frå Øygarden Venstre.
  • Ekte Viva Sponheim-plakat frå valet 2005.
  • Omvising i Stortinget for å sjå kunsten der med våre nye Stortingsrepresentantar.
  • Handlenett og kort av Oddvar Torsheim – signert av kunstnaren sjølv.
  • Oselvar-lysestake frå Bjørnefjorden Venstre
  • Streetart bilete laga av Katrine-Beth Reistad og er nr. 32/35. Det heiter Equality
  • Badstoveoppleving for 4 på Osterøy https://flabellina.no/