Alfred Bjørlo blir Venstres medlem i Næringskomiteen på Stortinget

- Eg går til verket med mål om å gjere Venstre til nr 1-partiet for dei som står på og skapar jobbar for seg sjølv og andre over heile landet, sier Alfred Bjørlo som er nyvald stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane

– Eg er glad og stolt over å ha fått rolla som Venstres medlem i Næringskomiteen, på eitt av Venstre sine mest sentrale politikkområde, seier Alfred Bjørlo, som er vald inn på Stortinget for Venstre frå Sogn og Fjordane.

– Eg går til verket med mål om å gjere Venstre til nr 1-partiet for dei som står på og skapar jobbar for seg sjølv og andre over heile landet. Grøn omstilling, klimakutt og ein offensiv næringspolitikk går for Venstre hand i hand. Det er ikkje staten som skaper dei nye jobbane. Det skjer i tusenvis av små og store bedrifter over heile landet, i både «gamle» og nye næringar – og ikkje minst i nye bedrifter som enno ikkje er skapt, seier Alfred Bjørlo.

– Vestlandet er verdiskapings-landsdel nr 1 i Noreg. Vestlandet har eit enormt vekstpotensiale i nye grøne næringar. Eg kjem som Sogn og Fjordane og Vestlands-politikar til å invitere til eit breitt samarbeid mellom alle gode krefter for at Vestlandet skal ta leiartrøya i omstillinga til framtidas næringsliv. Det blir særleg viktig med ei regjering der mykje makt over næringspolitikken ser ut til å bli sentralisert og flytta til lukka rom på Youngstorget i Oslo – og EØS-avtalen i verste fall blir sett i spel.

– Ein offensiv næringspolitikk er også det aller viktigaste for å lukkast med å skape vekst og utvikling i distrikta. I Sogn og Fjordane og i distrikts-Noreg elles er det næringslivet som sit med nøkkelen til framtida. Den kampen skal Venstre og eg dei neste fire åra seier Alfred Bjørlo.