Bjørnafjorden Venstre sitt styre for 2021

Bjørnafjorden Venstre har fått nytt styre

Jostein Halland
[email protected]
Publisert: 27.01.2021 08:51 Sist oppdatert: 08:58

Tysdag held Bjørnafjorden Venstre årsmøte i kommunestyresalen. I tillegg til frammøtte medlemer var parlamentarisk leiar Terje Breivik og nestleiar og miljøvernminister Sveinung Rotevatn med på nettmøte frå Oslo, fortel Sveinung Stensletten.

Det vart først handsama ordinære årsmøtesaker. Deretter fekk dei frammøtte høyra siste nytt frå høgaste politisk hald i Oslo og «drøsa litt med topp-politikarane som begge er kandidatar til førsteplassen på stortingsvallista i fylket».

– Dei forsikra om at me får sjå dei att her i kommunen, då helst fysisk, når valet nærmar seg. fortel Stensletten.

Nytt styre i Bjørnafjorden Venstre er Astrid Dale (leiar), Torodd Kinn, Kristian Harnes, Egil Haugland, Sveinung Stensletten og Mia Fimreite (varamedlem).