Bjørlo: Gje bedriftene hjelp no. Ikkje skuld på EU

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo: – Meir ENØK-støtte til folk flest, Foto: Helle Frogner

Venstre-representant Alfred Bjørlo reagerer kraftig på rotet rundt lønnstøtteordninga for bedrifter og arbeidsplassar. – Vi krev fullt innsyn i finansminister Vedum sin dialog med Esa om lønnskompensasjon, seier han.

I helga påstod finansministeren at regjeringa ikkje kan gje meir i lønnstøtte på grunn av EU sine konkurransereglar. Men Esa tilbakeviser søndag 19. desember på det sterkaste at dei har lagt hindringar for ei betre og meir fleksibel lønsstøtteordning, slik Vedum sa på NRK laurdag.

– Sjokkerande

– Det er sjokkerande at finansministeren prøver å legge skulda på Esa for at regjeringa ikkje klarer å leggje fram ei lønnsstøtte-ordning som kan hjelpe bedrifter og berge tusenvis av arbeidsplassar i serveringsbransjen og reiselivet. No må bedriftene få hjelp, ikkje tåkeprat frå finansminister Vedum og næringsminister Vestre, påpeikar Alfred Bjørlo.

Det er sjokkerande at finansministeren prøver å legge skulda på Esa for at regjeringa ikkje klarer å leggje fram ei lønnsstøtte-ordning som kan hjelpe bedrifter

Alfred Bjørlo

Bjørlo er Venstre sin medlem i næringskomiteen på Stortinget. Han krev no fullt innsyn i dialogen mellom regjeringa og ESA, og har allereie sendt eit skriftleg spørsmål til finansministeren om saka.

Krev forklaring i Stortinget

Fleire parti har bede om at finansministeren forklarer seg i Stortinget om lønnsstøtta, etter at regjeringa la fram sitt forslag fredag.

Fleire organisasjonar og bedrifter har uttalt at ordninga ikkje er god nok. Bjørlo meiner forslaget frå regjeringa ikkje løyser utfordringane i arbeidslivet:

Ein må spørje seg om dei raudgrøne har solidaritet med dei som no slit i det private næringslivet.

Alfred Bjørlo

– Hensikta med lønnsstøtte må vere å hindre permitteringar. Ein må spørje seg om dei raudgrøne har solidaritet med dei som no slit i det private næringslivet. Med denne ordninga blir det berre dei bedriftene som har råd til å ha alle i jobb, som kan søke lønnsstøtte. Regjeringa må sjå til Danmark. Der har dei vore raskt ute med lønnsstøtte som monar. No må regjeringa kome til Stortinget før tysdag, slik at vi kan få vedteke eit betre forslag. Dette held ikkje.

Les meir: Elvestuen: Regjeringen må se til Danmark. Der har de vært raskt ute med lønnsstøtte som monner.

Bakgrunn:

Finansminister Vedum og lønnsstøtte

  • Fredag 17. desember la regjeringa fram ei skisse til ordning for lønnsstøtte for bedrifter som vert råka av smitteverntiltak. Regjeringa tok atterhald om godkjenning av støtteordninga frå EFTAs overvakingsorgan (Esa).
  • I skissa leggjast det opp til at bedrifter kan få kompensert inntil 80 pst av dei tilsette si lønn, men med eit tak på 30.000 kroner per tilsett. Det er krav om permitteringsforbud. Altså kan ingen som mottek lønnsstøtte, permittere tilsette i same periode.
  • På NRK Dagsrevyen laurdag 18. desember opplyste Finansminister Trygve Slagsvold Vedum at det ikkje er mogleg med ein høgare støttesats enn det som ligg i skissa, og at dette er avklart med Esa.
  • Søndag 19. desember avviser Esa dette.
  • Spørsmål frå Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) til Finansministeren: «Kan finansministeren gjere greie for det fulle rettslege grunnlaget for korleis EØS-avtalen er til hinder for at lønnsstøtteordninga kan utformast annleis enn i skissa lagt fram av regjeringa 17/12, med omsyn både til støttebeløp og andre hovudvilkår (som til dømes «alle eller ingen»-regelen); og for kva dialog regjeringa har hatt med ESA om desse spørsmåla før skissen vart presentert?»