Venstre vernar om verna vassdrag

Vassdrag
Venstre er ein aktiv forsvarar av vassdragsvern. , Foto: Sogndal Venstre

Fråsegn frå årsmøtet i Sogndal Venstre 25. januar 2022:

I landet vårt er om lag 1900 vassdrag bygd ut, og 394 er verna. Av dei ti største vassdraga i landet er sju bygd ut. Då tidlegare statsminister Jens Stoltenberg rundt tusenårsskiftet erklærte at tida for dei store vassdragsutbyggingane var forbi, var vi mange som tenkte at dei resterande store vassdraga skulle få leve i fridom. Vi kan vel ikkje la Arbeiderpartiet gløyme sine gamle løfte, no når straumprisen set verdiane våre på prøve?

Ap og Sp i regjering vil, med støtte frå FrP, opne for ei såkalla “skånsam utbygging” av våre verdifulle verna vassdrag. Høgre har også, i det stille, laga ein plan for utbygging av mange av dei verna vassdraga i fylket vårt. Forslaget frå Høgre omfattar heile fem nasjonale laksevassdrag, der tre av dei er i Vestland. Når attpåtil fagfolka i NVE meiner det er lite å tene på ei skånsam utbygging, må fleirtalet på Stortinget lytte. Om ei utbygging skal ha ein reell straumproduserande eller flaumførebyggjande effekt vil det bety oppdemming av store landområde og tap av uerstatteleg natur.

Ein kan ikkje byggje ut så store vassdrag utan å tape svært store miljøverdiar. Ei elv er styrt av årshjulet i naturen, med låg vassføring om vinteren og mykje, buldrande vatn vår og haust. Eit heilt økosystem er tilpassa disse svingingane, med sitt detaljerte nettverk av fisk, insekt, fugl og pattedyr. Det er ein nasjonal strategi å restaurere 15 % av vassdraga våre innan 2030. Å starte med å ikkje øydeleggje fleire, vil Venstre vere ein pådrivar for.

Vosso, Flåmsvassdraget og Strynevassdraget har fått eit ekstra vern frå Stortinget for å ta vare på villaksen. Kraftutbygging er eitt av dei største trugsmåla mot villaksen. Til dømes er det nytta meir enn 200 millionar kroner for å ta vare på den truga Vosso-laksen aleine. Ei kraftutbygging kan setje all denne innsatsen på spel.

Verda står midt i ei naturkrise, der no også villaksen har hamna på raudlista. Venstre vil synleggjere kva dei store verdiane frie vassvegar betyr, også for reiselivet, for friluftslivet, for lokal næringsutvikling og for folkehelse.

Venstre er ein aktiv forsvarar av vassdragsvern. Venstre forsvarar varige verdiar for at også nye generasjonar skal få oppleve fritt vatn, strie straumar og hoppande laks i sunne økosystem.