Nei til kraftutbygging i verna vassdrag – Hent fornybar kraft som er tilgjengeleg

Sunnfjord Venstre meiner det er eit feilspor frå fleire parti på stortinget som no går inn for kraftutbygging i verna vassdrag, og Gaularvassdraget og Naustdal/Gjengedal er blant desse. Det kan Sunnfjord Venstre ikkje vere med på!

Venstre ER for at vi skal auke produksjonen av fornybar kraft i Norge. Dette må gjerast på ein slik måte at vi ikkje samstundes øydelegg verneverdig natur. Vi vil auke kraftproduksjonen i vassdrag som er allereie er utbygd. NVE viser til at det er eit potensiale på ny vasskraft dei næraste åra på omlag 10 twh (10 mrd kwh) Det kan gjerast ved å bygge nye røyrgater og fleire turbinar i eksisterande kraftverk, investere i ny teknologi, og bygge ut betre linjenett. Venstre har på stortinget sytt for å endre skattereglane slik at det no er lønsamt å ruste opp eldre kraftverk med ny teknologi. Auka satsing på havvind, solenergi og energieffektivisering vil også bidra til auka kraftforsyning.

Vi MÅ ta vare på naturen vår – og dei unike og vakre vassdraga er særs viktige. Både fordi dei er viktige friområde for oss menneske, men også fordi vassdraga er gode lakseelvar og habitat for ei rekke trua arter. Livet i og langs elvane er unike økosystem, der insekt, fuglar, fisk og pattedyr har sitt livsmiljø. Liva deira er knytt til elva på ein måte vi ikkje kan oversjå.

Det er grunn til uro no når Senterpartiet og Fremskrittspartiet på Stortinget har fått støtte frå Høgre og AP til å gå laus på verna vassdrag. Tidleg i januar i år røysta desse partia for eit framlegg om å gjere om vernevedtak og opne for kraftutbygging i verna vassdrag. NVE seier tydeleg og klart at det neppe er mykje kraft å hente ved å gå inn i desse vassdraga.

Difor meiner Sunnfjord Venstre at vi skal forbetre linjenett, ruste opp gamle kraftverk, satse på havvind og solenergi, og difor SLÅR Venstre ring om dei verna vassdraga og naturen vår.