Fråsegn: Billegare, betre og grønare kollektivtransport

foto: Elisabeth Tønnesen / Kolumbus

Årsmøtet i Vestland Venstre vedtok søndag følgjande fråsegn:

For Venstre er det viktig at klimapolitikken vert opplevd positiv for folk sin kvardag samstundes som at utslepp vert kutta. Dersom me skal nå klimamåla våre framover er det difor særs viktig at me klarar å endra korleis me kjem oss frå A til B. Transportsektoren står for store utslepp, og i framtida må me reisa grønare og meir kollektivt.

Me vil at ein satsar endå sterkare på grøne samferdsleløysingar i heile landet. Uansett om heradet ditt har bane, buss, hurtigbåt, fly, ferje, trikk eller taxi; det klimavennlege alternativet må verte betre, billegare og raskare.

Mange av dei som er mest avhengige av gode kollektivløysingar er ungdom. Enten kan dei ikkje ta førarkortet endå, eller så bur dei nære bysentrum og vel det vekk. Me i Venstre meiner det er heilt avgjerande at ungdom og andre med få alternative transportløysingar opplever kollektivtransport som enkelt, billeg og smidig.

For mange samfunn er den lokale hurtigbåten den einaste livsnerven til omverda. På andre stadar er hurtigbåten eitt av fleire alternativ ved reise. Billettprisen må ikkje vere til hinder for å velje samferdsle på sjøvegen, anten det er jobb- eller fritidsreiser. I dag er billettprisane på hurtigbåtar særs høge, noko som gjer at folk gjerne vel bil eller fly i staden.

I klimakampen kan mange bekker små gjera ei stor å. Når kvart menneske i større og større grad tar omsyn til naturen og klimaet i kvardagen sin, kan effekten raskt bli veldig stor. Å oppmuntra til å skaffa seg, samt tilrettelegge for grøne vanar, er difor ein viktig del av ein effektiv klimapolitikk. Samferdselspolitikken er eit kroneksempel på eit område der målretta og føreseieleg satsing oppnår nettopp slike resultat, slik ein no ser i elbilpolitikken.

Over heile landet rasar diskusjonar om by- og tettstadsutvikling i lys av klimamåla me har sett oss. Men måten me bygger på løyser lite om ikkje transportløysingane heng med.

Vestland Venstre vil:

  • Senka kollektivprisane for ungdom på alle billettypar
  • Innføre eit ungdomskort som gjeld all kollektivtransport
  • Opne for nye billettypar, med rushtidsprising og fleksible månadskort
  • Jobbe for å setje ned billettprisane på hurtigbåt, slik utviklinga har vore for buss- og ferjeprisar.
  • Sikre at arealpolitikken støttar opp om målet om at fleire skal reisa kollektivt
  • Ta initiativ til at Skyss vert innlemma i ei felles nasjonal billettløysing
  • Sikre at busstilbodet og hurtigbåt-tilbodet er tilpassa folks behov best mogleg
  • Jobbe for ei fortsatt satsing på å gjere alle hurtigbåter utsleppsfrie
  • Jobbe for at kollektivtransport korresponderer betre.