Uttalelse: Venstre vil ha ei meir fleksibel handheving av alkoholreklameforbodet

foto: Ølsmaking

Under helgas fylkesårsmøte vedtok Rogaland Venstre sundag 13.mars ei uttale om meir fleksibel handheving av alkoholreklameforbodet.

Rogaland Venstre meiner det er på tide med ei meir liberal og fleksibel tilpassing av dagens forbod mot alkoholreklame. I tråd med at me har fått fleire lokale produsentar av både øl og sider burde det vera mogleg for serveringsstader å informera om produkta sine.

Mange lokale aktørar, både produsentar og serveringsstader, arbeider for å fremja ein alkoholkultur der det er kvalitet, smak og kunnskap som er viktigast, ikkje konsum og høg partyfaktor. Venstre har stor respekt for entreprenørar som utviklar lokalprodusert øl og sider.

Me har sett ei positiv utvikling av kvalitetsprodukt i Rogaland som bør applauderast, ikkje leggja hindringar i vegen for. I dag er tolkinga av alkoholreklameforbodet svært streng, og mange bryggeri og serveringsstader opplever regelverket som firkanta. Det må bli mogleg å informera kundane sine om kva produkt som er tilgjengeleg og på veg.

Serveringsstader må også ha lov å utsmykka lokala sine i den stilen dei sjølv ønskjer. Om dette inkluderer bruk av t.d historiske plakatar skal ikkje dette vera noko skjenkekontrollen treng bruka tid på å krevja fjerna frå veggane, som enkelte stader har opplevd . Når ein frivillig oppsøker ein serveringsstad er ein klar over kva slags varer som er til sals.

Rogaland Venstre vil ikkje tilbake til ei tid med glossy og glamorøse annonsar og reklamefilmar, men meiner det må kunne finnast ein ny veg mellom eit frislepp og dagens strenge totalforbud.