Rett til å ta med seg arbeidsplassen heim

Arctic_Coworking_LodgeFoto:Sylvain Cochard

Sunnfjord Venstre kom i 2018 med si første fråsegn om retten til å ta med seg den statlege arbeidsplassen heim. Denne ideen held no på å få fotfeste, ikkje minst takka vere erfaringane med korona og heimekontor, men den treng framleis støtte for å bli ein etablert praksis.

Bakgrunnen for ideen var at ny teknologi gir oss mange nye moglegheiter og arbeidsformer. Fleksibiliteten og fridomen som teknologien gir oss, har også bidratt til stor grad av remote work og hybride arbeidsplassar. Det har opna for at menneske kan ta med seg jobben dit dei vil, også statleg tilsette.

Sunnfjord Venstre vil at det blir innført ei ordning der tilsette i staten skal ha rett til å ta med seg arbeidsplassen om dei flyttar. Vi trur dette vil slå positivt ut for folketalsutviklinga, spesielt i distrikta.

Føresetnaden må vere at flytting av arbeidsstad ikkje går utover produktiviteten til den tilsette. Det skal vere arbeidsgjevar si plikt å påvise eit tap av produktivitet hos den tilsette. I fyrste omgang bør ordninga ikkje gjelde for leiarar.

Felles for alle dei statlege flytteprosessane har vore diskusjonen om dei menneskelege omkostningane ved slike utflyttingar. Tilsette sluttar, viktig kompetanse forsvinn og familiar blir brote opp frå der dei har slått rot.

Samstundes vender mange ikkje heim frå dei store byane fordi det manglar relevante stillingar dei kan søke på. Vi treng ein variert og allsidig arbeidsmarknad i heile landet! Ei ordning der arbeidstakar får rett til å ta med seg arbeidsplassen vil kunne styrke lokale arbeidsmarknader og bidra til næringsutvikling.

Ei slik ordning er moderne og støttar eksisterande politikk utan at ho fører med seg fleire statlege arbeidsplassar. Ei eventuell auke i reisekostnadar må sjåast i samband med den subsidieringa av kommunikasjon det offentlege allereie gjev. Ordninga vil gjere den statlege arbeidsmarknaden meir fleksibel og vil på sikt spreie dei statlege arbeidsplassane betre enn i dag. Handsama på rett måte vil lokale arbeidsmarknadar kunne leggje til rette for tilsette i staten slik at vi får andre synergiar enn dei vi får i Oslo i dag.