Alfred Bjørlo til Volda/Ørsta. Reginalt Venstre-møte i Aasentunet

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo, Foto: Alfred Bjørlo / Venstre

Måndag 20. juni kl 19.00 har vi gleda av å invitere til regionalt Venstre-møte med stortingsrepresentant Alfred Bjørlo i Aasentunet. Tidlegare på dagen skal Bjørlo besøke Høgskulen i Volda og verksemdene Haugen Maskin, Vertikal Service og Vartdal Plast. Tysdag skal han etter planen besøke Hareid, Ulstein og Vanylven.

Alfred Bjørlo har i mange år vore ordførar i Eid kommune og seinare Stad kommune, og han har bak seg fleire periodar som folkevald i fylkestinget. Sist haust vart han vald inn på Stortinget der han er medlem av næringskomiteen. På Stortinget har Bjørlo allereie markert seg som ein aktiv, engasjert og kunnskapsrik politikar som gjerne talar distriktsnoreg si sak. Bjørlo kjem til Sunnmøre etter ein invitasjon frå Volda Venstre og Ørsta Venstre.

Vi ser fram til eit triveleg besøk – og ei hyggeleg kveldsøkt i Aasentunet saman med Alfred Bjørlo og Venstrefolk og Venstre-sympatisørar frå Søre Sunnmøre.